Nils Anfinset har doktorgrad i arkeologi – eit fag som møter mange etiske problemstillingar. Førsteamanuensisen underviser masterstudentar ved AHKR i forskingsetikk, og er no ein av dei som får Det humanistiske fakultetet sin sporveuglepris. Foto: Hilde Kristin Strand

Sporveugle til etikk-kurs

Var det rett å gjera feltarbeid i Palestina under den andre intifadaen? Det er blant problemstillingane masterstudentane hos AHKR må ta stilling til. No vert etikk-kurset heidra med HF sin sporveuglepris.

I 2002-03 var noverande førsteamanuensis Nils Anfinset stipendiat. Arkeologen reiste til Palestina for å gjera feltstudiet sitt – under den andre intifadaen.

– Eg reflekterte mykje rundt om det var rett å reisa dit då. Burde eg reisa dit og støtta palestinarane? Det var ei væpna konflikt – ville eg då kunne vera der utan å ta part i saka? Eller burde eg gjera noko heilt anna? Det finst ingen enkle svar, seier Anfinset.

No er det masterstudentane ved Institutt for arkeologi, historie, religions- og kulturvitskap (AHKR) som må ta stilling til både dette og liknande døme. Tysdag fekk instituttet sitt forskingsetiske utval, der eit etikk-kurs for masterstudentar er ein viktig del, fakultetet sin sporveuglepris.

Problemstillingar frå fire fag
I 2008 oppretta instituttet eit eige forskingsetisk utval. Anfinset har vore med sidan starten. I tillegg til masterkurset jobbar utvalet innimellom med saker der det kjem påstandar om juks og plagiat. Det er òg eit ønskje om at etikkarbeidet skal meir inn på lågare grad.

– Me ønskjer at studentane skal læra seg kjeldekritikk og korleis dei viser til andre sine tekstar. Målet er at dei skal læra eit godt handverk og verta gode forskarar, seier Anfinset.

På masterkurset treffer studentar frå dei fire ulike faga kvarandre. Dei får læra om utfordringar knytt til kvar fag, og skal sitja saman og løysa ulike oppgåver.

– I våre fag kan ein møta ulike utfordringar. Det handlar om å øydelegga kulturminne, om å visa fram skjellett, om lovgiving, og om tilfelle der ein ønskjer å intervjua personar.

– Opplever de at studentane har reflektert rundt desse problemstillingane før dei tek kurset?

– Nei, dei har nok ikkje gjort det i stor grad. Men me får tilbakemeldingar om at dei opplever kurset som positivt, seier Anfinset om kurset som førebels ikkje gir studiepoeng eller karakter.

Vil at studentane reflekterer
Anfinset seier at studentane som tek kulturvitskap er drilla i at dei må søka NSD. Andre studentar har ikkje eit like sterkt forhold til når og til kva dei må søkja om løyve og ikkje.

– Det kjekkaste med å få denne prisen, er at arbeidet med forskingsetikk vert anerkjent, seier Anfinset.

– Me ønskjer at studentane skal vera i stand til å reflektera når dei kjem i etiske dilemma. Slike dilemma kjem dei til å treffa på i arbeidslivet uansett om dei vert forskarar eller skal jobba med noko heilt anna.

– Betyr det at dei bør ha etikk med i masteroppgåvene sine?

– Dei treng ikkje ha eit eige kapittel som heiter «etikk». Men me ønskjer at dersom dei kjem borti etiske problemstillingar under arbeidet med oppgåva, skald ei reflektera rundt det. Det er jo ikkje alle som treffer på slikt, men ein kan til dømes gjera det dersom ein skriv ei oppgåve i nyare historie, seier Anfinset.

Pengar til seminar?
Ei av dei nyare utfordringane knytt til forskingsetikk, er bruk av Internett.

– Korleis brukar ein til dømes det som vert sagt i diskusjonar på nett? I nokre tilfelle vil det vera mogleg å finna ut kven som har sagt kva, fordi dei har same brukarnamn fleire stader. I andre tilfelle er det som er skrive, skrive i affekt, illustrerer førsteamanuensisen.

Han seier at dagens studentar tidleg lærer korleis dei kan bruka Internett. Samstundes er det viktig å læra dei at ein må vera kritisk til kva ein ser og les.

Sporveugleprisen er på 25 000 kroner. I tillegg vert vinnaren nominert til UiB sin sentrale uglepris. Anfinset sit i dag i det forskingsetiske utvalet saman med Bente Gullveig Alver frå kulturvitskap, Margrethe Løøv frå religionsvitskap og Camilla Brautaset frå historie. Av desse var Alver med frå starten saman med Anfinset. No er ho inne som vikar for Tove Ingebjørg Fjell, som har forskingstermin.

– Kva me skal bruka prispengane på, må me verta samde om i fellesskap. Mitt forslag er at me kan bruka det til eit seminar for heile instituttet, seier Anfinset.

Powered by Labrador CMS