Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Korleis kan vi gjere greie for den sosiale delen av menneskelivet i ei verd som er bygd opp av fysiske storleikar og krefter? Jo, ved å ta utgangspunkt i språket, hevda den amerikanske filosofen John R. Searle då han gjesta UiB sist onsdag.
Searle er professor i samfunnsfilosofi ved Universitetet i California, Berkeley, og var invitert til UiB for å snakke om utviklinga av sosiale institusjonar, eller det han kalla ”pengar, sommarferiar, ekteskap og coctailparty – alt som gjer livet interessant”. Han har nyleg oppsummert fleire tiår med forsking på dette feltet i boka Making the Social World: The Structure of Human Civilization, som kom ut i 2010. Frå atom til aksjeemisjon Searle trekte fram eitt av sine favorittdøme: Pengar. Visse papirbitar gjeld som pengar, men det gjer dei berre fordi alle er blitt samde om at dei er pengar. – Korleis lagar vi slike institusjonelle fakta som ”dette er ein pengesetel”? Ofte følgjer funksjonen til eit objekt direkte av dei fysiske eigenskapane til objektet. Men vi menneske har skapt ei gruppe funksjonar som eksisterer uavhengig av dei fysiske eigenskapane til objektet, slik tilfellet er med pengesetelen. Dei har sin funksjon fordi dei er blitt tildelt ein status av våre kollektive intensjonar. Korleis går vi fram for å skape og vedlikehalde slike statusfunksjonar? funderte Searle. Vi skapar verda med språket – I utgangspunktet verka det for meg som om alle slike statusfunksjonar blir skapt ved språklege representasjonar av typen ”X gjeld som Y innanfor rammevilkåra C”. Dette er ein svært potent språkleg konstruksjon fordi han kan brukast igjen og igjen på kvart nytt utfall. Vi kan seie at visse lydar gjeld som språk, språket gjeld som setningar, ei setning kan gjelde som eit løfte, eit løfte kan gjelde som ei ekteskapsinngåing. Searle meiner at språket har mykje større makt enn berre som eit verktøy til å skildre verda som ho er. Med språket kan menneske bestemme korleis verda skal vere. – Mennesket har vore oppfinnsamt nok til å skape ei klasse med språkhandlingar som kombinerer påstanden, altså skildringa av verda som ho her, med løftet eller kommandoen, altså intensjonen om at verda skal endre seg så ho passar med orda. Det er erklæringa: Ved å uttale noko, skapar vi det. I den augneblinken nokon erklærer krig, er krigen eit faktum. Ved å erklære ein mann og ei kvinne for gifte, er det skapt eit ektepar, med dei rettane og pliktene den medfører. Forskarar undervurderer språket – Etter mi meining er det ein skandale at samfunnsvitarar heile tida undervurderer språkhandlingar ved å ta språket for gitt. Då overser dei at kvar gong menneske snakkar saman, involverer dei seg i sosiale pliktar og rettar. Vi kan endre roller ved å endre vokabular, og når vi endrar roller, endrar vi på maktrelasjonar. Institusjonelle fakta blir skapt og haldne ved like ved kontinuerlege erklæringar av statusfunksjonar. Og statusfunksjonar handlar i all hovudsak om pliktar, rettar, løyve, autorisasjonar, ansvar – altså makt, konkluderte han.
I forskinga si har Searle teke eit oppgjer med den tradisjonelle todelinga av verda i ein fysisk og ein åndeleg del. Hans hovudpoeng er nettopp at det berre finst éin røyndom, som i siste instans er bygd opp av atom og molekyl, og den immaterielle eksistensen må kunne forklarast innanfor den materielle. Men korleis skjer overgangen frå atom og molekyl til sosiale institusjonar?
John Searle starta si akademiske karriere innan språkfilosofien, og han har teke med seg og vidareutvikla dei tidlege arbeida sine kvar gong han har gått inn i nye forskingsfelt. På forelesinga i ”Egget” gav han ei oversikt over kvifor han meiner språket er fundamentet for alle sosiale institusjonar.
Searle hevdar at institusjonelle fakta blir skapt og haldne ved like av erklæringar. Vi er til og med komne så langt at det ikkje er naudsynt med noko fysisk objekt som språket skal representere. Ein av dei viktigaste menneskelege oppfinningane, ifølgje Searle, er aksjeselskapet. Det er ei eining som blir skapt ved ei erklæring, og som medfører ei rekkje rettar og pliktar, men som ikkje krev noko fysisk objekt for å eksistere. Pengar er eit anna døme: Vi går meir og meir i retning av ei verd der pengar ikkje finst anna enn som magnetiske spor på ein harddisk.