Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Medieforskar Anders Johansen fekk førre veke Språkrådets språkpris 2008 for sakprosa på bokmål. Dei fem siste åra har Johansen gitt ut fleire bidrag i norsk sakprosa, som ifølge juryen er viktige bidrag som fremjar rekleksjon om skriftliv, talekunst og kulturanalyse, går det fram av ei pressemelding frå Språkrådet.
Medieforskar Anders Johansen fekk førre veke Språkrådets språkpris 2008 for sakprosa på bokmål. Dei fem siste åra har Johansen gitt ut fleire bidrag i norsk sakprosa, som ifølge juryen er viktige bidrag som fremjar rekleksjon om skriftliv, talekunst og kulturanalyse, går det fram av ei pressemelding frå Språkrådet. Juryen meiner Johansen er ein retorisk medviten forfattar som ”representerer den samfunnsengasjerte akademikaren som nyttar eitt breitt register av språlege ressursar for å fremje den viktige offentlege samtalen”. Anders Johansen er professor i medievitskap, utdanna sosialantropolog. Dei siste åra har han gitt ut fem bøker: Virksomme ord (2005), Samtalens tynne tråd (2003), Talerens troverdighet (2002), Tingenes tale (2002) og All verdens tid (2001). Johansen er for tida på ferie og har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Vinnaren av Språkprisen for sakprosa på nynorsk var Kjartan Fløgstad. Medlemmene i juryen er Ove Eide, Karianne Bjellås Gilje, Unn Røyneland og Espen Søbye. Prisen vart utdelt i Operaen i Oslo førre torsdag, vinnarane får eit kopartrykk av Kjell Nupen, 50 000 kroner og ein diplom.