Språkprofessor er prorektorkandidat

Publisert

Ruth Vatvedt Fjeld har tatt ja til å stilla som prorektorkandidat for rektor Ole Petter Ottersen ved UiO. Fjeld erstattar prorektor Inga Bostad.

64 år gamle Ruth Vatvedt Fjeld er professor i språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Før jul fekk ho spørsmål frå rektor Ole Petter Ottersen om ho kunne tenkja seg å stilla som prorektorkandidat ved valet i vår. Dette skriv Uniforum.

Fjeld seier til Uniforum at ho ikkje takka ja med ein gong, men for nokre veker sidan sa ho ja til utfordringa.

– Det er ei fantastisk og spanande utfordring å få. Det er berre ein gong i livet ein får sjansen til å påverka sin eigen arbeidsplass gjennom eit slikt verv, seier ho.

Imponert over rektor
Fjeld seier at ho er interessert i forskingspolitikk og kunnskapsformidling.

– Og eg er frykteleg imponert over det Ole Petter Ottersen og rektorlaget hans har fått til. For meg er det fint å kunne bruka kreftene på så viktige ting, seier Fjeld til Uniforum.

Ottersen er professor i medisin. Fjeld seier at ho ser på det som ein fordel at ho kjem frå eit av dei humanistiske faga.

– Det har vore ein del uro rundt dei humanistiske faga, difor er det viktig at ein person som er nær desse faga er med i universitetsleiinga. Eg ser fram til å overta vervet som prorektor, om me vert valde.

Som På Høyden skreiv i går, har det no meldt seg ein rektorkandidat til.

Erstattar Bolstad
Fjeld erstattar prorektor Inga Bostad. Ho har hatt vervet i sju år,og ønskjer ikkje å halda fram.

Rektor Ottersen seier til Uniforum at han er glad for å ha fått Fjeld med på laget.

– Ho er svært dyktig og kjenner UiO svært godt etter å ha vore her i mange år. Både forsking, formidling og utdanning kan ho svært mykje om. For meg er det også viktig å ha med ein person som har god innsikt i humaniora og ser dei utfordingane desse faga står overfor, seier han til Uniforum.

 

 

 

Powered by Labrador CMS