Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Måndag skal ein UiB-delegasjon treffa Bjørn Haugstad, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, og fortelja han at UiB gjerne kan ta over nokre pengar frå UiO.
Det handlar om språksamlingane. Torsdag morgon trykte På Høyden eit debattinnlegg frå Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum. Blindern-skandalen kallar han at Universietet i Oslo ønskjer at Nasjonalbiblioteket overtek ansvaret for språksamlingane.
Oddny Miljeteig ba i universitetsstyremøtet om ei utgreiing om saka.
Til UiO saman med Volda-representant
– Dersom det er slik at UiO har problem med å sitja på desse pengane, kan me ta på oss dette. Språksamlingane passar godt inn i UiB sin profil, men me vil ikkje ta på oss ansvaret utan at det følgjer pengar med, sa rektor Dag Rune Olsen.
Bakgrunnen for saka er at UiO har vedteke at dei ikkje lenger vil satsa på språksamlingane, som dei fekk eit nasjonalt ansvar for på 1970-talet. Med på lasset følgde pengar. Statssekretær Bjørgulf Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet har tidlegare sagt til På Høyden at kulturdepartementet legg til grunn at pengane UiO fekk for å ta ansvar for samlingane og Norsk Ordbok, vert med til dei som tek over ansvaret.
– Måndag skal dekan Margareth Hagen, instituttleiar Johan Myking og eg ha eit møte med statssekretæren. Med på møtet vert òg Per Halse, som er rektor ved Høgskulen i Volda, fortalde rektor styret.
Delt ansvar?
Ordbokgruppa, som Nynorsk kultursentrum har gått i bresjen for, tek til orde for at UiB kan overta ansvaret. Alternativet, slik dei ser det, er å dela ansvaret med Høgskulen i Volda.
– At UiO vil prioritera annleis enn då dei fekk ansvaret for samlingane kan ein eigentleg ikkje seia noko på. Men problemet er at dei vil omdisponera pengane dei fekk til andre oppdrag, seier Olsen.