Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Oslo ber om eit møte med Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet for å få ei løysing på framtida til språksamlingane.
Det er i eit brev til Kulturdepartementet like før påske universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe ved UiO ber om det straks blir kalla inn til eit møte mellom UiO, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet for å få ei endeleg avklaring på kva som skal skje med språksamlingane til Universitetet i Oslo. I brevet blir det peika på at det no ligg føre to alternativ.
Universitetet i Bergen
Det eine er lansert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta, som på vegner av Ordbokgruppa, har kome med den mest omfattande planen. Alternativet inkluderer ein eigen driftsorganisasjon med med 16-19 stillingar, med Universitetet i Bergen som det faglege tyngdepunktet. Etter UiOs oppfatning ser denne modellen ut til å krevja fullfinansiering gjennom tilførsel av friske pengar.
Nasjonalbiblioteket og Språkrådet
Det andre alternativet inneber at Nasjonalbiblioteket tar ansvaret for digitalisering og tilgjengeleggjering av samlingane. Samtidig skal forsking på samlingane finansierast og utførast av universitet og høgskular, medan Språkrådet tar ansvaret for dei språkpolitiske forvaltingsoppgåvene. Produksjon og publisering av ordbøker skal leggjast til forlag etter det siste alternativet. Til saman vil dette føra til seks halve stillingar, på til saman tre årsverk.
Den siste modellen vil ikkje krevja nokon eigen driftsorganisasjon, fordi den vil byggja på den eksisterande arbeidsfordelinga mellom Kulturdepartementet med Språkrådet og Nasjonalbiblioteket og Kunnskapsdepartementet med universiteta og høgskulane. Uavhengig av kva modell som til slutt blir vald, lovar UiO å stilla til rådvelde omstillingsmidlar i ein overgangsperiode, går det fram av brevet frå UiO.
UiO har ikkje forstått
I eit svar frå Nynorsk kultursentrum blir det uttrykt glede over at Universitetet i Oslo no har teke det viktige steget det er å peika på moglege løysingar ut frå ein grunnleggjande føresetnad om at«samlingene gjøres allment digitalt tilgjengelige.» Nynorsk kultursentrum synest likevel ikkje UiO har forstått heilt kva alternativet dei har presentert, eigentleg går ut på.
Det blir vist til at alternativet føreset ei samla løyving til Norsk Ordbok på 3,9 millionar kroner for 2016. Løyvinga er ein blåkopi av summen som ligg inne i statsbudsjettet for 2015 til Norsk Ordbok. Samtidig presiserer Nynorsk kultursentrum at berre i 2014 brukte UiO til saman 19 millionar kroner til språksamlingar og ordboksarbeid.
Etter deira oppfatning vil denne kostnaden bli endå høgare når Kulturdepartementet gjennom løyvingane til mellom andre Nasjonalbiblioteket og Språkrådet skal dekkja endå meir. Nynorsk kultursentrum har foreslått eit nasjonalt fellesføretak der dei føreset at universiteta samordnar innsatsen sin på forskingsfeltet språksamlingar og ordbøker, slik at dei årsverka som no er knytte til slikt arbeid, over tid blir integrerte i fellesføretaket.
Det må likevel gjerast ymse forhandlings- og avtalearbeid før alt er på plass, presiserer styreleiar Lodve Solholm i brevet frå Nynorsk kultursentrum til Kulturdepartementet. Også Nynorsk kultursentrum vil gjerne delta i møte med departementa om desse spørsmåla, straks det får beskjed om det, går det fram av brevet.