Språkstipendiatar samla i Bergen

Publisert

Denne veka arrangerer forskarskulen i språkvitskap og filologi ”Den første doktorandkonferansen” i lingvistikk og filologi. Som namnet seier, vonar arrangørane at det kan bli fleire.

Kring 70 deltakarar er samla til konferansen som går av stabelen på jusbygget måndag til onsdag denne veka. På den tida skal mellom 40 og 50 innlegg avviklast, i tillegg til plenumssesjonar og sosiale aktivitetar. Innlegga tek opp svært varierte emne, som “The status and use of African languages versus Arabic in Sudan”, meining i cybertekstar og anglisismar i ungdomsspråk.

– Vi har fått svært god respons på invitasjonen. Dei fleste deltakarane kjem frå nordiske land, men vi har også deltakarar frå Kamerun, Taiwan, USA og Canada – eg telte 15 land i alt, seier stipendiat Eva Thue Vold, som sit i arrangementskomiteen.

– Fagleg dekkjer konferansen svært mange språkvitskaplege og lingvistiske emne. Det er ein brei konferanse, men det kan også vere bra innimellom, smiler ho.

Konferansen kjem i tillegg til ei rekkje andre, lokale aktivitetar i regi av forskarskulen, som fagspesifikke seminar, meisterklasser, metode- og avhandlingsseminar og felleslunsjar.

– Det er eit mål at deltakarane på konferansen skal få både fagleg og sosialt utbyte. Det er viktig for oss å vite kva doktorandar gjer i andre land, og kva som er likt og ulikt. Vonleg kan vi halde litt kontakt oss imellom i etterkant, seier Vold, som vonar at andre vil ta opp tråden slik at konferansen kan bli ei regelmessig hending.

Powered by Labrador CMS