Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For første gong er det som finst av språkteknologiske ressursar i landet, samla og presenterte i ein nettportal. Portalen heiter Norsk dokumentasjonssenter for språkteknologi, og er underlagt Aksis.
– Sjølve dokumentasjonssenteret har eksistert nokre år, men i heile perioden har vi arbeidd med å bygge opp denne nettportalen. No er han endeleg lagt ut med alle dei funksjonane vi ønskjer å tilby, sjølv om vi også kjem til å oppdatere og kanskje utbyggje han etter kvart, seier professor Koenraad de Smedt ved Seksjon for lingvistiske fag og forskargruppa for språkteknologi i Aksis. Dokumentasjonssenteret er oppretta med midlar frå Nordisk Ministerråd, og oppgåva er i prinsippet grei: Sikre at forskingsresultat, tekstsamlingar og verktøy blir gjort tilgjengelege og kan nyttast både nasjonalt, nordisk og internasjonalt. Det er ingen liten jobb, men de Smedt er positiv:
Språkteknologi har mange ulike bruksområde, som maskinomsetjing, korrektur, diktering og søk etter informasjon. Dokumentasjonssenteret samarbeider med tilsvarande senter i dei andre nordiske landa, og kan mellom anna tilby ein søkbar database som dekkjer språkteknologiressursar i heile Norden.
– I utgangspunktet er portalen eit tilbod til alle som er interesserte i språkteknologi. Ei viktig målgruppe er brukarar – til dømes bedrifter som ønskjer å ta språkteknologi i bruk og vil vite kva som finst av tilbod, forskingsresultat og ressursar, fortel de Smedt.
Vil profilere UiB-kompetanse
– Vi er glade for at denne oppgåva er lagt til Bergen, fordi vi ønskjer å profilere vår kompetanse på språkteknologi. Vi har tradisjonar på dette området attende til 70-talet, og folk herifrå såg tidleg at dette kunne ha omfattande bruksområde. Vi ønskjer å utvikle portalen mellom anna slik at søkemotoren kan fungere når ein nyttar terminologi på alle nordiske språk som søkeord. Men det krev mykje arbeid, og ligg eit stykke fram i tid, seier han.