Spreier forvirring om studentopptak

Publisert

Studentane strøymer til Oslo, skriv Aftenposten. Avisa hevdar at Oslo dankar ut Bergen og Trondheim som studentby, men grunnlaget for påstanden er tvilsamt, i følgje Utdanningsavdelinga ved UiB.

Tal frå Samordna Opptak viser derimot at alle dei fire universitetsbyane opplevde auke i talet på førsteprioritetssøkarar til sine institusjonar i perioden 2001-2004, i følgje Utdanningsavdelinga. Institusjonane i Bergen hadde ein samla gjennomsnittleg auke i søkinga på 8,7 prosent kvart år. Størstedelen av denne auken er det UiB som står for. Institusjonane i Tromsø hadde også ein årleg gjennomsnittleg auke på 8,7 prosent, medan Oslo auka med 16,5 prosent i året i gjennomsnitt. Trondheim opplevde den minste auken med 3 prosent.

Helge Kjøllesdal, informasjonsdirektør ved UiO, seier til Aftenposten at han trur det faglege tilbodet har mykje å seie for at ungdom søker seg til Oslo. Ei undersøking hjå haustens nye UiB-studentar viste at det same gjeld for UiB, kunne Studvest melde i februar. I følgje undersøkinga var fagtilbodet den grunnen som fekk flest til å velje UiB. Det galdt både norske og utanlandske studentar.

Powered by Labrador CMS