Stabilt på Shanghai-rangeringa

Publisert

Medan Universitetet i Oslo hamnar på 75. plass på Shanghai-rangeringa over verdas beste universitet, er Universitetet i Bergen rangert blant dei 201 og 300 beste universiteta i verda. Rektor Sigmund Grønmo er likevel nøgd.

Resultata frå universitetsrangeringa Academic Ranking of World Universities (Shanghai-rangeringa) for 2011 vart offentleggjorde i går. Harvard-universitetet er igjen best i verda, medan universiteta i Cambridge og Oxford er rangerte som dei beste i Europa på høvesvis femte og tiande plass.

Universitetet i Oslo er rangert som det beste i Noreg på 75. plass, medan NTNU og Universitetet i Bergen plasserer seg mellom dei 201 og 300 beste på verdsbasis. Rektor Sigmund Grønmo ved UiB er likevel nøgd med plasseringa.

– Det er fint at UiB held på plassen sin blant dei 300 beste universiteta i verda. Fram til 2008 var vi blant dei 300-400 beste i verda. I 2009 klatra vi, og av dei norske universiteta er det berre UiB som kan skilte med slik framgang, seier han.

Samstundes sender Grønmo lykkeønskningar til hovudstaden og rektor ved UiO, Ole Petter Ottersen.

– Eg vil gjerne gratulere UiO som held seg stabilt. Dette er ei plassering dei har hatt i mange år, seier han.

Stor vekt på Nobelprisar
Shanghai-rangeringa er basert på individuelle forskingsprestasjonar og har vorte karakterisert som den mest elitistiske av universitetsrangeringane. Mellom anna gjev Nobelprisar stort utslag i rangeringa.

– Shanghai-rangeringa legg stor vekt på Nobelprisar både blant tidlegare tilsette og studentar og noverande tilsette. Dette gjer at UiO scorar høgt. Også NTNU har ein Nobelpris, medan UiB ikkje har nokon. Dette er ei utfordring for oss i høve til denne rangeringa, seier Sigmund Grønmo.

Han peikar også på at det i Shanghai-rangeringa vert lagt særleg stor vekt på matematisk-naturvitskaplege, teknologiske og medisinske fag, medan humaniora og samfunnsvitskap vert tillagt mindre vekt. Nettopp talet på siteringar innan humaniora og samfunnsvitskapar har gjeve UiB gode plasseringar i andre universitetsrangeringar.

Det løner seg også å vere stor om ein skal klatre høgt på Shanghai-rangeringa. Denne rangeringa kontrollerer i liten grad for universitetet sin storleik, ifølge Grønmo.

– Berre 10 prosent av scoren kontrollerer for talet på tilsette. Her har UiO som er eit mykje større universitetet enn UiB ein fordel, seier han.

Nøgd UiO-rektor
Rektor Ole Petter Ottersen ved UiO er godt nøgd med plasseringa blant verdas 100 beste universitet.

– Med dette resultatet plasserer UiO seg godt blant verdas éin prosent beste universitet. Det er vi godt nøgde med, sjølv om ambisjonen er å bli endå betre, seier han til Uniforum.

Samstundes understrekar han at det å gjere det godt på rangeringar ikkje er noko mål i seg sjølv, men at plasseringane på rangeringar skal vere eit resultat av godt arbeid innanfor forsking og undervising. Han peikar på at rangeringane berre tek omsyn til ein liten del av det arbeidet universitetet driv med og at metodane som blir nytta kan vere usikre.

Powered by Labrador CMS