Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Når førsteamanuensis Ole-Jørgen Johannessen pensjonerast neste månad betyr det slutten for faget namnegransking ved UiB. Arkeologar og språkforskarar fortviler.
Stadnamn fungerer som kjelder til mellom anna arkeologisk forsking og til norrøn religion og kultur. Over heile landet forsvinn no stillingane i namnegransking etterkvart om forskarane vert pensjonerte. Den siste ved UiB er namneforskar Ole-Jørgen Johannessen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Situasjonen er ganske lik i resten av Noreg. Ved NTNU forsvann stillinga for nokre år sidan, og ved UiO er det berre ei og ei halv stillining att, men desse går også av om få år. Artikkelen held fram under bilete.Namnegransking forsvinn ved UiB når Ole-Jørgen Johannessen (t.h.) går av til sommaren. Sæbjørg Walaker Nordeide og Eldar Heide fortvilar over at kompetansen som også er ei viktig kjelde til deira fag blir borte. Betre i Danmark – Dette grepet har vorte motteke med stor glede hjå den yngre generasjonen, fordi det då er jobbmoglegheiter på feltet, fortel Johannessen. I Bergen har det derimot vore lita forståing for samanhengen mellom UiB og den næraste regionen til universitetet, ifølge Johannessen. Han hevdar at dei vanskelege tilhøva for namnegranskinga har vore uttrykt i fleire år, men at det ikkje har kome nærare ei langsiktig løysing for dette fagområdet. – Stadnamn er viktige for oss i kvardagen, som reiskap for å forklare kor vi skal gå og kor vi har vore, men dei representerer også ein kollektiv hugs for korleis landskapet har vore brukt, og av kven, seier Nordeide.
I Danmark er kompetansen på namneforsking samla på universitetet i København. Der har dei til forskjell frå Noreg lyst ut to til tre nye stillingar dei siste åra fordi dei ser behovet for å kunne erstatte kompetansen når dei gamle går av med pensjon.
Vanskeleg arkeologi
Arkeolog frå Senter for middelalderstudier, Sæbjørg Walaker Nordeide meiner at blant anna arkeologien vil gå ei vanskelegare tid i møte utan namnegranskinga.
Tverrfagleg kjelde
Arkeologisk forsking er typisk tverrfagleg, der vi treng hjelp frå dei tilgrensande fagmiljøa, fortel Nordeide.
– Vi møter behovet for stadnamngransking så snart vi skal arbeide med landet si historie på andre område enn det vi har skriftlege kjelder til. Vi treng tverrfagleg samarbeid for å få den fulle forståinga av korleis til dømes religionen var praktisert i vikingtida, seier ho.
Nyleg organiserte derfor Nordeide og postdoktor Eldar Heide ved Senter for middelalderstudier ein internasjonal konferanse med fokus på kjelder som stadnamn, arkeologi og landskap, der forskarar frå ulike fag kom saman for å diskutere religionen i jernalderen.
Overordna kompetanseoversyn
Johannessen, Nordeide og Heide meiner ein må sørgje for at det fins ei nasjonal oversikt over kva namnegranskingskompetanse landet til ei kvar tid har, og kva vi kjem til å trenge.
– Frå tida med Gudmund Hernes som utdannings- og forskingsminister fekk vi innprenta at dei forskjellige universiteta skulle profilere seg med dei faga dei er gode på, men det vi likevel saknar er at dei aktuelle miljøa ser kva kompetanse ein har på landsbasis, fortel Nordeide.
– Kunnskapsdepartementet brukar å seie at dette er ei oppgåve som universiteta må gjere opp seg imellom, medan universiteta seier at dette må institutta ordne med, og slik held dei det gåande, seier Johannessen.
Skrapar i botnen
Heide meiner det er få som er klar over kor få stillingar stadnamngransking no er nede i her i landet og at ikkje alle skjøner at slankinga av stillingar gjeld meir enn stadnamngransking
– Det er jo politikk det dreier seg om, dei som sit med pengane og fordeler stillingane har tenkt at vi tåler litt slanking. Problemet er at her er det ikkje snakk om slanking, her skrapar vi snart i botnen. Vil ein verkeleg at det skal finnast kompetanse og stillingar i norsk namnegransking så må vi krevje at dei som sit på denne makta gjer noko med tilhøva, seier han. Kven skal ha kompetanse på norske stadnamn, om ikkje Noreg?
– Vi er ikkje i same situasjon som Hellas. Det er ikkje slik at vi ikkje har råd til å halde på kompetansen på vår eigen språkarv. Vi har råd til det, seier Eldar Heide.