Startar journalistutdanning ved UiB

Publisert

Til hausten kan studentar ved Universitetet i Bergen byrje på bachelorgraden i journalistikk.

Det er Institutt for informasjons- og medievitskap som står bak det nye tilbodet, som er lagt opp som eit bachelorprogram over tre år. Fagleg ansvarleg for det nye studiet og professor i medievitskap, Martin Eide, trur ikkje tilbodet blir overflødig, sjølv om det i dag finst mange tilbod i journalistikk i Noreg. Journalistar utdanna ved UiB skal ikkje bli heilt som andre journalistar:

– Vi tek konsekvensen av at journalistikk er eit intellektuelt yrke. Målet er ikkje berre å skape ein kritisk journalistikk, men også sjølvkritiske og sjølvreflekterande journalistar. Det er avgjerande å utforde klisjéen om kva ein journalist er og kan vere, seier Eide til På Høyden.

Studiet ved UiB vil ha forskingsressursar i ryggen i ein heilt anna skala enn det andre journalistutdanningar i Noreg kan tilby i dag. Eide framhevar dette som eitt av dei store fortrinna ved tilbodet i Bergen.

To av semestra i journalistikkgraden skal vere eit valfritt fordjupingsår, der studentane i prinsippet kan velje og vrake mellom fagområda ved universitetet. I studieplanen er politikk, økonomi, kunst og kultur særleg framheva, men også naturvitskapeleg fordjuping kan leggast inn i graden.

– Denne fordjupinga er av stor verdi for ein oppegåande og moderne journalistikk, seier Eide.

Institutt for informasjons- og medievitskap kombinerer både teknologisk informasjonskompetanse og medie- og kulturkunnskap. I konvergensens tidsalder er dette det andre store fortrinnet i utdanninga ved UiB, meiner Eide.

– Det er i skjeringspunktet mellom desse faga mykje av utviklinga skjer. Vi bør ha eit tilbod som er på høgde med denne utviklinga.

I tillegg til undervisning frå fagfolk på universitetet, vil studentane få lære journalistikk frå journalistar som skal hentast inn frå ulike mediebedrifter.

Powered by Labrador CMS