Statoil-pengar til fleire?

Åtte millionar kroner kjem årleg til UiB via Akademia-avtalen til Statoil og UiB. Om dette er pengar som kan kome fleire enn Det matematisk-naturvitskapelege fakultet til gode er no til vurdering.

Korleis Akademiaa-avtalen kan omfatte fleire forskingsmiljø var på agendaen då styringsgruppa inviterte til strategimøte torsdag. Til hausten skal ny avtale mellom UiB og Statoil signerast, og arbeidet med å legge strategien for den nye avtalen er i gang.

– Vi ser at på nokre område kan det vere interessant med interfakultære samarbeid, seier Geir Anton Johansen til På Høyden.  Geir Anton Johansen er instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi og leiar styringsgruppa som forvaltar Akademia-avtalen.

– Forvaltinga skjer slik at vi har jamlege strategiseminar. Her presenterer Statoil områder som er viktige for dei og vi på UiB, CMR og Uni Research presenterer kompetansen vi har i Bergen. Etter kvart seminar blir det ein prosess der vi bestemmer oss for satsingsområde. Her vurderer vi prosjektforslag frå miljøa, seier Geir Anton Johansen til På Høyden.

Den nye avtalen skal gjelde frå 2014-2018.

Statoil-relevante prosjekt
– Midlane kan gå til ph.d-ar, gåveprofessorat, post dok, professor II eller andre prosjekt. Kvart år sender vi folk ut for å vere med på konferansar, eller vi hentar gjesteførelesarar og forskarar til Bergen.

Avtalen som går ut til hausten har sikra Det matematisk-naturvitskapelege fakultet åtte årlege millionar kroner.

– Kva ventar Statoil tilbake?

– Dei legg seg lite opp i detaljar rundt prosjekt, men dei ventar at dei skal vere relevante for Statoil som har langsiktige perspektiv, seier Geir Anton Johansen.

Det har vore eit ønske frå mellom anna Sigmund Grønmo at Statoil skal kunne gjere nytte av andre delar av arbeidet som vert gjort ved UiB.

Terrorforsking, havrett og krisepsykologi
Jarle Eid, dekan ved Det psykologiske fakultet, Knut Hellan, dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet og Ernst Nordtveit, professor ved Det juridiske fakultet, var inviterte for å fortelje Statoil sine representantar korleis forskinga ved deira fakultet kan styrke Statoil.

– På SV har vi til dømes forsking rundt tryggleik. Ein av dei lærdomane ein kan trekke frå 22/7 er at det viste seg å vere ein mangel på kultur for samhandling mellom dei ulike instansane i den kritiske situasjonen. Ein del av landets fremste terrorforskarar sit hos oss, sa Knut Helland.

Han legg til at både HF og Sv har mykje kunnskap om kulturforståing, kommunikasjon, etikk, samt landområdekunnskap.

– Det same gjeld for Det juridiske fakultet. Vi har eit viktig diskusjon forum for olje og juss. Vi knyter kontaktar med internasjonale miljø. Og vi er svært sterke på havrett, sa Ernst Nordtveit, professor ved Det juridiske fakultet.

– Vårt perspektiv er som følgjer: Når Statoil får eit ansvar får å ivaretake ressursar i landa de går inn i, må de også bygge ein rettsleg og sosial infrastruktur, la Ernst Nordtveit til.

Det psykologiske fakultet og Statoilhar allereie eit samarbeid om operasjonell leiing og HMS. Men fakultetet har meir å by på, meiner dekan Jarle Eid.

– Kriseleiing, operativ leiing, personaloppfølging etter kritiske hendingar. Dette er noko vi forskar på ved Det psykologiske fakultet.

– Kven skal ein sende ut til risikofylte område? Den mest kompetente? Den mest erfarne? Den mest budde? Kva vil det seie å vere budd? Er familien budd? Dersom ein leiar har hovudet fullt av tankar på ting i familien, den dette slå ut på arbeidssituasjonen, sa Jarle Eid, dekan ved Det psykologiske fakultet.

Vil verte verdsleiande
– Vi vil verte ein verdsleiande forskingsinstitusjon. Vi vil vere nyskapande, og få dette implementert i arbeidet vårt. Vi håpar at dette også er ambisjonen til UiB, og at vi saman kan klare dette, sa Bård Krokan frå Statoil.

– Du seier de vil vere industrileiande på HMS. Korleis forskar de på dei områda? spurde Knut Helland.

– Vi har trappa ned noko av forskinga på dette området. Men vi forskar framleis ein del på fysisk arbeidsmiljø, som til dømes støy, sa Bård Krokan.

– Betyr mykje
– I fjor vart det òg underteikna ein tilleggsavtale på 11,4 millionar for å sikre at vi fekk vidareført og heldt ved lag kompetansen etter at CIPR vart avslutta, seier Geir Anton Johansen.

– Det samarbeidet vi har med Statoil betyr mykje for Det matematisk-naturvitskapleg fakultet, sa fakultetsdirektør Bjørn Åge Tømmerås.

 

Powered by Labrador CMS