Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Regjeringa følgjer opp langtidsplanen for forsking med 555 millionar kroner. Det blir og endringar i finansieringsordninga for universitet og høgskular.
– Ei sterk satsing på forsking og utvikling vil hjelpe oss på vegen mot eit meir konkurransedyktig næringsliv, grønare arbeidsplassar og fleire verdsleiande fagmiljø, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Med forslaget til neste års budsjett vil løyvingane til opptrappingar og langsiktige prioriteringar i langtidsplanen ha auka med totalt 2,3 milliardar kroner frå 2015 til 2017, melder Kunnskapsdepartementet, noko som skal innebere ei realvekst på 3,1 prosent til forsking og utvikling i 2017.
Slik blir dei 555 millionane fordelt:
Det blir også endringer i finansieringssystemet for universitet og høyskoler. Dette er endringene det legges opp til:
Pengar til igangsette prosjekt
Universitetsmuseet får 137 millionar kroner til byggetrinn 2 av rehabiliteringa av Dei naturhistoriske samlingane. Det same gjeld byggeprosjektet til Kunst- og designhøgskolen i Bergen, så får nybygg på Møllendal. Dette prosjektet får 160 millionar kroner i byggeløyving, i tillegg til 42,4 millionar kroner til inventar og utstyr, samt 2,4 millionar til husleige i nybygget.
Dei største byggeprosjekta som får løyvingar er allereie igangsette prosjekt ved NMBU, som får 1,63 milliardar kroner, og UiT, som får 470 millionar kroner til nybygg for medisin- og helsefag.
Flest stipendiatar til Trondheim
UiB får tildelt 2,4 millionar kroner til nye stipdendiatar, mens Høgskulen på Vestlandet får 3,2 millionar. Størst av alle er som kjent NTNU, som òg får 6,8 millionar kroner til stipendiatar og postdoktorar.
Saken vil bli oppdatert.