Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Institusjonane kan tene eller tape mange titals millionar med det nye finansieringssystemet.
Universitetet i Oslo går i pluss med 60 millionar kroner, mens Høgskolen i Oslo og Akershus taper 27 millionar. Universitetet i Bergen går nesten i null, mens NTNU får 33 millionar meir. UiT gjer det 20 millionar kroner betre, NHH nær 13 millionar, og BI får 34 millionar kroner meir med nytt finansieringssystem.
Men felles for dei alle er at berre halve effekten blir sett i verk i år, ettersom den nye ordninga blir fasa inn over to år.
Inni den svarte boksen
Etter at statsbudsjettet kom i dag har administrasjonen ved universitet og høgskular sett i gang arbeidet med å finne ut korfor den nye modellen har slått ut som han gjer, og kva som finst inni den svarte boksen.
Finansieringa av universitet og høgskular er delt to, med basismidlar og med resultatbaserte midlar. Den resultatbaserte delen utgjer om lag 30 prosent av den totale rammeløyvinga. For 2017 er det 23,7 milliardar kroner i basismidlar, og 10,7 milliardar kroner i resultatbasert finansiering.
Indikatorane er delt i to kategoriar: Ein type med open ramme, og ein med lukka ramme:
Indikatorane ved open ramme har ikkje noko tak, og institusjonane vil få betre utteljing jo betre dei gjer det. For indikatorane med lukka ramme vil det vere ei lukka budsjettramme, som blir rekna ut kvart år.
Opp på noko, ned på anna
– Vi fasar det nye finansieringssystemet inn over to år. Kandidatindikatoren og BOA-indikatoren er nye for 2017, fortel kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til På Høyden.
For Universitetet i Bergen får ikkje den nye utrekninga store utslag.
– UiB gjer det betre på utveksling, EU-inntekter, publisering og den nye indikatoren for bidrags- og oppdragsfinansiert forsking. Men institusjonen gjer det samtidig svakare på studiepoent, kandidatproduksjon, doktorgrader og inntekter frå Forskingsrådet, seier Isaksen.
– UiB kjem veldig godt ut av statsbudsjettet i år med ein realvekst på 3,1 prosent. Og då har vi ikkje fordelt 75 millionar kroner til vedlikehald enno, seier kunnskapsministeren.
– Korfor endrar den resultatbaserte finansieringa seg mykje for nokre institusjonar?
– Det kan vere forskjellige ting. For BI er det nok kandidatindikatoren som gjer at det slår bra ut, for dei har mange studentar som tek ein heil grad. Men sjølv med dei gamle indikatorane hadde det vore endringar for dei forskjellige institusjonane. All endring vi ser i år skuldast ikkje nye indikatorar, seier han.
Dei fleste einige
Men han understreker at systemet totalt sett blir meir resultatbasert.
– Ein større del blir no konkurransemidlar. Men på kandidatindikatoren er det til dømes ei open ramme, og då er det inga øvre grense for kor mykje institusjonane kan hente inn, seier Isaksen.
Ved Senter for internasjonalisering av utdanning er dei til dømes nøgde med at potten for utveksling har auka frå 100 til 134 millionar kroner. Belønninga per student har fått frå 8000 kroner, til 15 000 kroner per Erasmus pluss-student, og 10 000 kroner for andre studentar.
– I åpen ramme går dette automatisk. Mange er sjølvsagt opptekne av korleis dette har slått ut for dei, og ser på tala. Men om ikkje alle, så har i alle fall dei fleste vore einige om at det har vore riktig å konkurranseutsetje meir av finansieringa.
– Curt Rice ved HiOA seier at det nye systemet gjer dei gamle universiteta til vinnarar. Kva tenkjer du om det?
– Vi har først og fremst bestemt oss for kva indikatorar vi skal ha med. Det gir HiOA høve til å betre resultata sine. Og UiO gjer det til dømes godt på indikatorane, men universitetet kjem totalt sett ikkje særleg godt ut likevel.