Høgskulen på Vestlandet får to rekrutteringsstillingar meir enn UiB, som får seks. Bildet er frå Høgskulen i Sogndal.

Åtte rekrutteringsstillingar til HVL

Publisert

Høgskulen på Vestlandet (HVL) får samla budsjettauke - men tapar på det nye finansieringssystemet.

Høgskulen på Vestlandet si samla tildeling i budsjettforslaget er på 1,79 milliardar kroner. Dei får åtte av dei totalt 80 rekrutteringsstillingane som skal fordelast på universitet og høgskular.  

— Rekrutteringsstillingane utgjer ti prosent av det nasjonale talet. Me er godt fornøgd med det, når ein ser på dei me kan samanlikna oss med. Det er eit behov me har med tanke på overgang til universitet ein gong i framtida, seier sekretær i interimstyret for Høgskulen på Vestlandet, Tage Båtsvik

Fusjonen skjer frå januar 2017, og HVL får også fusjonsmidlar (SAKS) som skal bidra til å dekka kostnadane med å slå seg saman.  

— Me veit at fusjon kostar, så me treng dei pengane me kan få. Fordelinga av SAKS-midlar er ikkje gjort endå, men det er 150 millionar som skal fordelast på fleire pågåande fusjonar, seier Båtsvik.   

— Dei gamle kjem best ut
HVL kjem ikkje sigrande ut av den nye finansieringsmodellen. Når det gjeld resultatbaserte løyvingar tapar dei tre prosent, eller 18 millionar, samanlikna med det dei fekk gjennom den gamle ordninga.

Les meir: Desse tener mest på nytt finansieringssystem

— Me har fått fleire kompenserande tiltak, som fleire rekrutteringsstillingar og opptrapping i studieplassar, så totalt sett har me ein realvekst på 2,6 prosent i budsjettet.

Båtsvik ser at det er dei etablerte som kjem best ut av den nye ordninga. 

— Det er dei gamle institusjonane som vinn på omlegginga, og dei nye tapar. I utgangspunktet kjem me dårlegare ut av det nye finansieringssystemet. Den nye ordninga var ein ukjent faktor for institusjonane, og det var det ingen som heilt kjente effekten av det. Me sjå på detaljane før me kan seia noko detaljert om korleis det har slått ut for oss.

Powered by Labrador CMS