Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Rektor Dag Rune Olsen skulle ønska UiB blei tildelt fleire rekrutteringsstillingar og studieplassar i forslag til neste års budsjett.
Forslag til statsbudsjettet for 2017 blei lagt fram torsdag.
Der blir det løyva 550 millionar til langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. 48 millionar av desse skal brukast på 120 nye rekrutteringsstillingar.
UiB får seks av desse.
– Eg har sagt tidlegare at eg forventa at ein legg fram eit budsjett som støttar opp under langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Det blir gjort, og eg er nøgd med retninga i budsjettet. Men me har berre fått seks rekrutteringsstillingar, det same som UiO. Medan NTNU har fått 17. Eg skulle gjerne ha sett at me hadde fått fleire.
Må bidra inn mot næringslivet
Olsen meiner omstillinga på Vestlandet gjer at ein treng fleire doktorgradsstillingar.
– Me treng ikkje veldig mange stipendiatar for å rekruttera til eigne professorstillingar med åra. Men me treng fleire som kan bidra til omstilling i næringslivet. Seks er eit relativt lite tal.
Han er også skuffa over at UiB ikkje får fleire studieplassar.
– Det vil vera nyttig med fleire studieplassar innan fornybar energi, IKT, digitale media, og helsefag. Me kunne godt ha utdanna ein god del fleire her, også med tanke på omstillinga i regionen.
For UiB er tildelinga på 3 387 202 milliardar kroner, noko som gjev ein realvekst på om lag 2-2,5 prosent. I tildelinga for 2017 er òg Kunst- og designhøgskolen med. Tidlegare har den vore ein eigen budsjettpost, men skulen blir ein del av UiB frå 1. januar 2017.
Ny finansieringsmodell
I forslaget til neste års budsjett er det kome endringar i finansieringsmodellen for dei resultatbaserte løyvingane, som varsla på førehand. Med det nye systemet får UiO 60 millionar kroner meir neste år, og NTNU får om lag 33 millionar kroner meir.
Men for å dempa effekten, har departementet halvert resultatet for 2017. Frå 2018 vil det nye systemet ha full verknad. UiB verken tapar eller vinn noko med den nye modellen.
– Det er ikkje eit sterkt budsjett for UiB, men vesentleg sterkare for Oslo og Trondheim, seier Dag Rune Olsen.
Han er i utgangspunktet positiv til den nye modellen,
– Det for tidleg å seia korleis den nye finansieringsordninga fungerer. Det består av mange komponentar, så akkurat no veit eg ikkje på kva område me kjem dårlegare ut. Viss det er slik at omlegginga me ser i størst grad vektlegg kvalitet, så meiner eg det er i tråd med politiske signal, og det me ønsker oss.