Studentane kan få trongare økonomi om forslaget om å heva studielånsrenta blir vedteke.

Studentane ikkje fornøgde med budsjettforslaget

Publisert

Studentparlamentet ved UiB rasar over at regjeringa føreslår å heva renta på studielånet og kutta reisestipendet.

— Dette budsjettet er både eit kortsiktig og eit langsiktig svik av kunnskapssamfunnet. Det blir rett og slett dyrare for alle å ta utdanning, skriv leiar av Studentparlamentet ved UiB, Håkon Randgaard Mikalsen i ei pressemelding.

I forslag til statsbudsjett for 2017 blir det foreslått å heva renta på studielånet med 0,35 prosentpoeng, og å kutta reisestipendet i Noreg og Norden.

Ny gjeld til studentane
Til saman kan regjeringa spara over 250 millionar kroner på kutta.

Når statsbudsjettet samtidig tar rekordmykje frå pensjonsfondet, og legg opp til 6,5 milliardar i skattelette, får det Randgaard Mikalsen til å sjå raudt. 

– Dei blåblå gjev dei rike skattelette, og fører ny gjeld over på studentane. Med auke i lånerenta, vil arbeidande studentar i framtida måtta betala hundrevis av millionar ekstra i året. Dette er eit svik mot framtidige generasjonar, seier leiaren.

– Eit angrep på kunnskapssamfunnet
At regjeringa samstundes går inn for stegvis innføring av 11 månadar med studiestønad, hjelper ikkje, meiner Randgaard Mikalsen. 

– Regjeringa kan ikkje skryta av at dei gjev studentane ei ekstra veke med studiestønad når dei hentar igjen desse pengane alle dei andre vekene av året. Budsjettet som føreligg er eit klart angrep på kunnskapssamfunnet. Me håpar at Venstre og KrF vil sørga for eit meir framtidsretta budsjett i det reviderte utkastet, seier han.

I budsjettet var det også forslag om tilskot til 2200 nye studentbustader. Norsk studentorganisasjon er godt fornøgd med forslaget som vart lagt fram i dag. 

– Regjeringa held fram med å betra studentøkonomien sjølv i eit stramt budsjettår. Det er ein historisk viktig dag for studentrørsla når me endeleg kan starta på første etappe mot elleve månaders studiestønad, skriv Marianne Andenæs, leiar i NSO, i ei pressemelding.

Leiar for Studentparlamentet ved UiB, Håkon Randgaard Mikalsen.
Powered by Labrador CMS