Aina Berg får ni millionar kroner til Uni Research, men undrar seg over at det ikkje har noko å seie at forskingsselskapet er godkjent for basisløyving: Dei fem institutta som ikkje blei godkjent får løyving på same grunnlag som Uni. Foto: Dag Hellesund

Ni millionar til Uni Research

Publisert

Uni Research får ikkje basisløyving for 2015, men får likevel ekstra millionar.

UiB-eigde Uni Research AS blei i september godkjent for basisløyving som forskingsinstitutt. Dermed skal dei inn på statsbudsjettet og få direkte løyving, men dette skjer ikkje i år.

– Eg har nett snakka med Kunnskapsdepartementet. Det blei løyvd 15 millionar kroner i revidert budsjett for 2014. Desse blir vidareført til 2015, fortel administrerande direktør Aina Berg i Uni Research AS.

For å få basisløyving må institutta først bli godkjende av Forskingsrådet utifrå krava til basisløyving. I tillegg til Uni Research AS har Polytec, Teknova AS, Papir- og fiberinstituttet ASSINTEF Raufoss ManufacturingAS og Norner Research AS søkt.

Men berre Uni blei godkjent.

– Kunnskapsdepartementet har bestemt at dei 15 millionane som blei løyvde i revidert budsjett skal fordelast på dei seks institutta som søkte. Det vil gi Uni Research ni millionar kroner både i 2014 og i 2015. Men eg synest det er underleg at dei ikkje differensierer mellom dei som er godkjende, og dei som ikkje er godkjende. Her har det openbart vore ei sterk involvering av politikarar, seier Berg.

– Vi er sjølvsagt glade for pengane uansett, og vi skal forvalte dei på ein god måte. Vi kjem til å satse litt nytt, mellom anna på Big Data, og investere i infrastruktur, seier Berg.

– Vi kjem òg til å jobbe mot støttepartia KrF og Venstre og påverke salderinga av budsjettet, seier ho. 

Forskingsrådet venteleg leggje inn pengar til basisløyving for Uni Research i framlegget til statsbudsjett i 2016. 

Powered by Labrador CMS