Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Oslo får 50 millionar kroner til nyt livsvitskapbygg. Totalt skal staten byggje for 6,8 milliardar kroner i 2018.
Dét er ein auke på ein halv milliard kroner meir enn i år.
Men det gigantiske livsvitskapsbygget til UiO, på heile 66 000 kvadratmeter, får berre småpengar til neste år, men kjem til å prege budsjetta i ei årrekkje. Prislappen er på 6,8 milliardar kroner, og kunne altså slukt heile byggjebudsjettet til Staten i eitt år.
– Det er ein stor dag for UiO. Ja, for heile forskings-Norge, seier rektor Svein Stølen til Uniforum.
Bygget skal huse Kjemisk institutt og Farmasøytisk institutt, i tillegg til forskingsgrupper innan livsvitskap frå mellom anna Det medisinske fakultetet. Visjonen er å løyse store samfunnsutfordringar innan helse og miljø.
NMBU Vidareføring av byggeprosjekt 1 698 millionar
UiB Vidareføring av rehabilitering av Universitetsmuseet 106 millionar
UiT Vidareføring av nybygg for medisin og helsefag 100 millionar
NMBU Utstyr og inventar til nybygg 95 millionar
UiO Startløyving Livsvitskapsbygget 45 millionar
UiT Prosjektering av nybygg for Tromsø museum 19 millionar
UiO Prosjektering av Vikingtidsmuseet 15,5 millionar
Nord u. Prosjektering av nybygg for biovitskap og akvakultur 14,4 millionar
UiO Prosjektering av nytt odontologi-bygg 10 millionar
UiB Prosjektering av nybygg for Griegakademiet 6 millionar
UiO Startløyving utstyr i Livsvitskapsbygget 5 millionar
NHH Prosjektering av rehabilitering av hovudbygget 3,1 millionar
I tillegg kjem kurantprosjekta, altså prosjekt der Statsbygg forvaltar eigedomen, mens den offentlege etaten må leige bygget innanfor sitt eige budsjett. Det gjer mellom anna at bygget kan oppførast fortare.
Desse pågåande kurantprosjekta blir førte vidare:
• Ombygging og nybygg for Høgskolen i Søraust-Noreg, campus Ringerike
• Ombygging av Gymnasbygget for Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal
• Nytt bygg for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, campus Gjøvik
• Tilbygg til Hulda Garborgs hus, Universitetet i Stavanger