Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Vidareutdanning og teknologi er to av områda som får meir pengar neste år.
Vidareutdanning i digital kompetanse er eitt av felta som er prioritert i statsbudsjettet for 2019. Dette kjem fram i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Det er sett av 37 millionar kroner som skal brukast til å utvikla fleksible vidareutdanningstilbod i digital kompetanse. Desse tilbode skal utviklast saman med mellom anna høgskular, universitet og næringsliv.
Finansminister Siv Jensen legg no fram forslaget til statsbudsjett i Stortinget.
Noko av det som vart offentleggjort i dag, har vore kjent ei stund. Statsråd Iselin Nybø twitra om eit teknologiløft til 1,5 milliardar dei neste fire åra, med mellom anna pengar til studieplassar i teknologi. Staten skal òg bidra til fornying og omstilling i næringslivet. Målet er at dette skal kunne løysa ut meir private forskingsmidlar. I tillegg er det lagt inn pengar for å styrka kvaliteten i høgare utdanning.
Regjeringa planlegg å bruka 231,2 milliardar oljepengar i 2019. Dette er 2,7 prosent av oljefondet, skriv E24.
På Høyden kjem attende med meir om Statsbudsjettet.