Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I dag tek Høgskolen i Stavanger (HiS) eit steg vidare på vegen til å bli universitet. Konkurranse med UiB kan vere sunt, meiner rektor ved HiS, Ivar Langen.
Styret i Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) skal i dag ta stilling til søknaden frå HiS om å bli det femte universitetet i Noreg. Ein sakkyndig komité har alt gitt grønt lys, og det er dermed så godt som klart at styret vil sende ei positiv instilling vidare til departementet. Også på marin forsking, eit hovudsatsingsområde for UiB, skal det satsast i Stavanger. Det nye universitetet vil vere tungt inne i samband med Aqua City-prosjektet som har som mål å gjere byen til globalt tyngdepunkt for akvakultur. Rektor ved UiB, Kirsti Koch Christensen, er ikkje uroa over etableringa av eit andre universitet på Vestlandet. Mindre konkurranse kan kanskje UiB vente seg frå det som kan bli eit nytt universitet på Austlandet. Også Norges Landbrukshøgskole ligg an til å få godkjenning som nytt universitet. Ein sakkyndig komite har gitt positiv innstilling.
– Vi vil prøve å definere oss som eit nyskapingsuniversitet og skape vår eigen identitet som skil oss frå dei andre universiteta. Vi er generelt meir profesjonsretta enn UiB og fokuset her er meir på teknologi enn rein naturvitskap. Men samstundes vil det nok vere felt der vi er konkurrentar, særleg innan humaniora, seier rektor ved HiS, professor Ivar Langen.
Gir sjølvtillit
– Konkurranse kan vere sunt og drive oss til å bli enda betre, seier Langen, som understrekar at samarbeidet med UiB er godt.
Han trur universitetsstatusen kan tilføre lærestaden auka økonomiske ressursar både frå nasjonalt og internasjonalt, privat og offentleg hald. HiS har eit omfattande samarbeid med industrien, særleg dei store internasjonale selskapa. Også rekrutteringa av studentar og lærekrefter og den internasjonale profilen vil bli styrka, meiner Langen.
– For dei tilsette betyr det at vi kan få eit sterkare forskingsmiljø. Også for identiteten til institusjonen har det mykje å seie at vi kan bli universitet. Det gir sjølvtillit.
Ikkje uroa
– På kort sikt vil dei ha det same studietilbodet som i dag, og då vil vi konkurrere på same måte som vi gjer no. Når det gjeld konkurransen om studentane, konkurrerer vi allereie med HiS. Kva som skjer når vi får eit nytt universitet, er vanskeleg å seie. Men eg håpar det gode samarbeidet kan halde fram.
Med ein nytt universitet vil det truleg bli hardare kamp om forskingstilskota, og Stavanger vil få ein større del av kaka.
– Spørsmålet melder seg, kvar skal pengane kome ifrå? Men heller enn å uroe oss, bør vi sjå på moglegheitene som blir skapt, seier Koch Christensen.
NLH neste?