Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Slå saman universiteta i Stavanger og Bergen foreslår to professorar frå Stavanger, og få eit større og sterkare universitet. Ja takk til samarbeid, nei takk til samanslåing er svaret frå Bergen.
I ein kronikk i Bergens Tidende tar ekteparet Bjørg og Jan Erik Karlsen til orde for å gjere eitt Vestlandsuniversitet ut av Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Stavanger (UiS). Bjørg er professor i sjukepleievitskap, mens Jan Erik er professor emeritus i endringsleiing. Dei peikar på ein stadig meir samanknytt region, og at fagmiljøa innan fleire fag ville hatt utbytte av samarbeid.
Aldri noko meir enn middels
– Vi er litt urolege for at samarbeidet mellom Bergen og Stavanger ikkje er langsiktig og omfattande nok. Vi ser for oss ein region i framtida som er mykje tettare knytt saman når det gjeld infrastruktur, økonomi og politikk. Vi er redde for at våre to universitet aldri vil bli noko meir enn middels store om ikkje noko gjerast, seier Jan Erik Karlsen til På Høyden.
Han meiner at UiB og UiS utfyller kvarandre på ein god måte.
– UiB har eit utmerka tilbod på økonomi- og administrasjonsfag kvar for seg, mens UiS har siviløkonomstudium. UiB har medisin men ikkje sjukepleiarvitskap. Det er noko UiS byggjer seg opp på, og som UiB kan ha nytte av. Det vil og vere nyttig å knytte det naturvitskaplege miljøet i Bergen opp mot den teknologiske spydspissen vi har innan ingeniørfaga i Stavanger. Humaniora er derimot utsett begge stader, og her kan vi satse felles, meiner Karlsen.
– Gi opp småkongetenking
Han meiner at vi må tilpasse oss utviklinga vi ser i utlandet, der det offentlege gir mindre tilskot til utdanningssektoren, mens studentmassen aukar. Desse ideane har Karlsen utvikla vidare i boka Resilient Universities, som han var redaktør for saman med Rosalind Pritchard frå University of Ulster.
– Eg meiner at vi i Noreg er inne i ein periode av stillstand fordi vi ikkje har tenkt nok nytt. Vi kan komme til å bli utdaterte som kunnskapsnasjon om vi ikkje har gode allierte. Vi bør sjå etter kva samordningsvinstar ein kan oppnå, og Bergen og Stavanger kan saman klare mykje. Ein kan ikkje styre etter kjølvannet når ein skal lage ein robust universitetsmodell. Dialogen mellom universiteta bør starte snarast, og ein bør gi opp småkongetenkinga. UiB og UiS er gode og veldrivne på kvar sin måte. Men dei er organiserte for å oppretthalde ein tradisjon vi ikkje trur duger, ikkje for å skape noko nytt i framtida, meiner han.
– Kva reaksjonar har de fått på kronikken?
– Vi har fått uformelle, positive reaksjonar frå Bergen, fortel Karlsen.
Fakultetssamarbeid
– Vi ser på Stavanger som viktige og interessante. Men å fusjonere UiB og UiS trur eg ikkje er ei aktuell problemstilling i dag, seier mat.nat.-dekan i Bergen, Helge K. Dahle.
Dei skal snart ha eit dialogmøte med søsterfakultet i Stavanger, og har allereie vore på vitjing der.
– På Vestlandet er det særleg tre institusjonar som tel innan naturvitskap og teknologi: UiS, Høgskolen i Bergen og UiB. Vi trur Stavanger er så viktige at vi må ha direkte kontakt med dei på fakultetsnivå, til dømes når det gjeld petroleum, seier Dahle.
Kan bli dyrare
– Eg er litt skeptisk til fusjonar som leiar til store strukturar, i alle fall dersom tanken er å effektivisere administrasjonen, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.
Han har sjølv jobba med samanslåingsprosessar der det motsette har vore tilfellet.
– Av og til kan samanslåingar vere fordyrande når det gjeld administrasjon. Men så kan det vere gode, faglege argument for samanslåingar, der ein får ut ein fagleg meirverdi. Men då treng ein òg samlokalisering, og Bergen og Stavanger ligg ikkje på same stad, seier Olsen.
Men han er open for at dei to institusjonane kan samarbeide meir, og at samarbeidet som er i gang i ein del fag kan utvidast.
– Men vil ein ikkje kunne få større gjennomslag internasjonalt om dei gode fagmiljøa får komme saman?
– Eg trur det er ei forenkla analyse, for om ein skal bli lagd merke til må fagmiljøa vere sterke. Så lenge fagmiljøa ikkje blir sterkare vil ein ikkje få særleg effekt av ei slik samanslåing.
– Er det ikkje fristande å vere rektor både i Bergen og i Stavanger?
– Om eg får tilbod om å vere rektor på fleire store stader i Noreg er det sjølvsagt eit godt tilbod, men det gjer det ikkje til eit betre argument.