Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen legg ned utvalet der mellom anna UiB-professor Steinar Vagstad var med. Utvalet skulle sjå på finansieringsordningar for universitets- og høgskulesektoren. Foto: Thomas Haugersveen, Statsministerens kontor

Legg ned utval

Publisert

Professor Steinar Vagstad skulle sitja i utvalet som skulle sjå på finansiering av universitets- og høgskulesektoren. Torsdag kom plutseleg meldinga om at kunnskapsministeren legg ned utvalet.

– Eg fekk ein e-post i går der det står at utvalet vert lagt ned. Meir enn det veit eg ikkje, seier Steinar Vagstad.

Han er professor i økonomi, og var UiB sin representant i utvalet som skulle sjå på finansiering av universitets- og høgskulesektoren. Dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen oppretta utvalet i august i år.

UiO-professor Fanny Duckert skulle leia utvalet. Ho sa til Aftenposten at oppløysinga kom veldig plutseleg.

– Eg støttar Duckert. Dette kom overraskande, seier Vagstad til På Høyden.

I statsråd
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier i ei pressemelding at han ønskjer å vurdera nærare korleis ein gjennomgang av finansinger av forskingssektoren tydelegare kan verta sett i samanheng med ambisjonane regjeringa har sett i regjeringsplattforma. I statsråd i slutten av månaden vil han difor ta initiativ til å legga ned det såkalla Duckert-utvalet.

– Me meiner at det er behov for ein gjennomgang av korleis finansieringa av utdanning og forsking kan bidra til auka kvalitet, relevans og profilering. Me vil koma attende til korleis dette kan verta følgt opp, seier kunnskapsministeren.

Skulle levera rapport neste år
– Det er ikkje unaturleg at ein ser på finansieringa, men ein kan jo tenkja seg ei anna arbeidsform enn eit slikt utval, seier Vagstad.

– Hadde de kome i gang?

– Me hadde oppstartmøte, og var i gang med å jobba. Men me hadde ikkje gjort noko konkret, seier Vagstad.

Utvalet skulle etter planen levera ein rapport innan utgangen av 2014.

Duckert seier til Aftenposten at ho tidlegare hadde fått signal om at utvalet sitt mandat skulle verta justert. Det meiner ho er forståeleg, sidan det var den førre regjeringa som oppretta det.

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet opplyser til Aftenposten at det er to hovudgrunnar til at utvalet truleg vert lagt ned:

– Mandatet er for breitt og uklårt. For det andre meiner me at finansieringa av høgare utdanning må verta sett i samanheng med resten av arbeidet me gjer innan utdanning.

Steinar Vagstad var UiB sin representant i det såkalla Duckert-utvalet, som no vert lagt ned. Arkivfoto: Dag Hellesund
Powered by Labrador CMS