Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ineffektive universitet får kroken på døra i Russland.
Den russiske presidenten Vladimir Putin har varsla ei storstilt reorganisering av dei statlege universiteta. Dette kan føre til at eitt av fem universitet blir lagd ned eller samanslått, melder University World News.
– Vi må peike ut dei universiteta som ikkje effektive. Samtidig planlegg vi ei omstrukturering, slik at nokre vil bli slått saman med andre og sterkare universitet, seier Vladimir Putin.
Endringane vil skje innan mai 2013.
Student-suksess avgjer
Universiteta vil bli målt på grunnlag av gitte kriterier. Blant dei er forsking, innovasjon og i kva grad dei uteksaminerte studentane blir rekna som attraktive på arbeidsmarknaden.
Russland har i dag omlag 600 universitet. Dei fleste skal ifølge University World News ha gjeve ei forsiktig tilslutning til Putin og det russiske utdanning- og forskingsdepartementet sine planar.
Korrupsjonsforskar åtvarer
Vladimir Rimsky er forskar ved tenketanken “Information Science for Democracy” (INDEM). Han meiner omstruktureringa vil få alvorlege følgjer.
– Dei universiteta som har eit dårleg forhold til styresmaktene har ein høgare riskiko for å bli lagde ned. Andre, med eit bedre forhold til staten, vil få halde fram sjølv om dei har dårlege akademiske resultat.
Foto: Istockphoto.com