Stille bris i rommet

Publisert

Verdsrommet er heim for eit aukande tal kostbare installasjonar, men dei er sårbare for vêrforholda. Kan vi melde og kontrollere romvêret?

– Det kan høyrest ut som science fiction, men amerikanarane eksperimenterer med oppvarming av ionosfæra. Dei forsøker å skape ustabilitet og bølger som kan påverke strålingsbelta i verdsrommet, seier dr. Ioannis A. Daglis ved Institute for Space Applications & Remote Sensing at the National Observatory of Athens. Daglis var nyleg ved Universitetet i Bergen og fortalde fagmiljøet ved Institutt for fysikk og teknologi om moglegheitene for nøyaktige vêrmeldingar og håpet om å kontrollere romvêret.

Elektromagnetiske bølger kan auke eller minske intensiteten på romstrålinga. Ved å sende elektromagnetiske bølger ut i rommet, kan ein skubbe dei lada partiklane som har skulda for vêrforholda i rommet ut av banene sine og dermed kontrollere romvêret. For augneblinken er moglegheitane teoretiske. Men amerikanarane har kome teorien i forkjøpet. I Alaska ligg forskingsstasjonen HAARP (The High Frequency Active Auroral Research Program). Her driv dei med forsøk som mellom anna skal kunne hjelpe dei å betre pålitelegheita til kommunikasjons- og navigasjonssystem.

Artikkelen held fram under biletet. Sola er drivkrafta bak partikkelstrålinga i rommet, og det å kontrollere romvêret handlar grovt sett om å kontrollere lada partiklar som vert slynga ut av sola. Desse partiklane er bundne til og bevegar seg i lag med det magnetiske feltet til sola. Dette er energikjelda bak ei rekke fenomen i rommet.

Partiklane kan bli fanga i jorda sitt magnetiske felt, og når desse partiklane gjennom ulike prosessar får svært høg energi, kan dei bli farlege både for satelittar og anna utstyr og for astronautar som oppheld seg i rommet.

For å kunne beskytte kostbar infrastruktur og astronautar prøver forskarane å utvikle metoder for pålitelege vêrmeldingar for romvêret. Allereie har dei kome eit stykke på veg. Forskarane har kartlagt miljøet og partikkelpopulasjonen i rommet og funne mekanismane bak ei rekke av dei fenomena som utspelar seg der.

– Men for å kunne gje pålitelege vêrmeldingar må ein forstå fenomena i større grad enn i dag. Det er framleis missing links og samanhengar vi ikkje forstår. Dessutan er strålingsbelter berre ein del av biletet. Det kan også oppstå ionosfæriske stormar som påverkar utstyr i rommet og på jorda, som telekommunikasjon og straumforsyning, seier Daglis.

Han understrekar at kontinuerleg observasjon av sola er ein føresetnad for å lukkast. Dette må gjerast mellom anna ved hjelp av utstyr i rommet. Det er også avgjerande å måle det magnetiske feltet i det interplanetariske rommet.

– Dersom det magnetiske feltet er parallelt med jorda er vi beskytta, dersom det er anti-parallellt er vi ubeskytta. Dette er ein enkel regel som fortel oss kor vidt noko vil hende eller ikkje. Den fortel imidlertid ikkje kor intenst eller kor lenge fenomenet vil vare. Dette treng vi modellar for å rekne ut, seier han.

Kommersielle aktørar er av dei som vil kunne tene mykje på nøyaktige og pålitelege meldingar for romvêret. Når eit trugsmål til dømes i form av høg partikkelstråling er nært, kan dei beskytte utstyret ved å slå det av. Men det å slå av utstyret, tyder også at dei tapar pengar. Difor vel dei framleis å risikere skade på utstyret enn å slå det av.

– No arbeider også forskingsmiljø i Europa med å utvikle pålitelege metoder. Innan eit tiår bør vi ha klart det, seier Daglis.

Veslebror veks
Europa har alltid sakka etter USA, men er no i ferd med å gjere seg gjeldande innan romforskinga. I fjor sette Den europeiske romfartsorganisasjonen (European Space Agency/ESA) med støtte frå EU-kommisjonen i gang eit nytt rammeverksprogram for romforsking. Avgjersla om å få eit meir effektivt samarbeid og dra nytte av synergieffektar innan fagfeltet har vore politisk. Dette lettar tilhøva for europeisk romforsking, ifølge Daglis.

– I Europa har samarbeid innan romforskinga vore eit byråkratisk mareritt. Europa har slitt med at ESA er eit uavhengig organ. Medlemsstatar i ESA er ikkje nødvendigvis medlem av EU og omvendt. NASA har derimot sluppe diskusjonar om rammeverket for forskinga. Dei er eit føderalt organ som set i verk føderal policy, seier han.

Rosetta er eitt av dei viktigaste instrumenta i europeisk romforsking i dag. Rosetta skal ilandsette eit lite romfartøy på ein komet, og er ein av dei rominstallasjonane som har mykje å tene på pålitelege meldingar for romvêret. All høg partikkelstråling kan gjere uboteleg skade på dei delikate instrumenta.

– Rosetta har eit lite instrument som måler strålingsverdiane. Dersom forskarane ser at desse verdiane er høge, vil dei ulike instrumenta bli slått av. I dette tilfellet er det ikkje berre snakk om dei økonomiske sidene ved prosjektet, men også om all den arbeidsinnsatsen mange menneske har lagt ned i ei årrekke, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.
Observatory of Athens trur at forskarane vil vere i stand til å kome med pålitelege og nøyaktige meldingar for romvêret i løpet av det neste tiåret.

Varm potet
Men forskingskappløpet handlar ikkje berre om teknologiske nyvinningar. Det er også eit moralsk spørsmål. Forsøk på å kontrollere romvêret er ei varm potet.

– Fysisk sett er det interessant å sjå om vi kan påverke romvêret. Men dette handlar også om mennesket sitt ønske om å styre omgjevnadene. Ønsket om å leike Gud har tidlegare ført oss til randen av katastrofe. Tenk berre på atomvåpen, seier Daglis.

Dersom ein googlar det amerikanske HAARP-prosjektet får ein fram ei rekke nettsider som omhandlar konspirasjonsteoriar. Daglis understrekar at dette er eit forskingsfelt som lett blir utsett for overdrivelsar, men peikar samstundes på at den sterke militære interessa for feltet gjer at det lett kan bli offer for ulike konspirasjonsteoriar. Det neste steget innan krigføring er stjernekrig, og det vert allereie snakka om moglegheiten for å utføre fiendtlege handlingar retta mot andre statar i rommet. Ved å detonere ei atombombe i rommet kan ein sette satelittar ut av spel og lamme heile samfunn. Det einaste mottiltaket vil vere å finne måtar å drepe dei lada partiklane på før dei øydelegg satelittar. Dette er risikoen ved å ha flytta infrastruktur og militære satelittar ut i rommet.  

Likevel ser han ikkje føre seg at dei moralske betenkelegheitene set nokon stoppar for eksperimenta. Han trur det ligg i mennesket sin natur å ville utforske og finne ny kunnskap.

– Ein kniv kan både brukast til å skjære brød og til å drepe eit menneske, men vi sluttar ikkje å bruke knivar sjølv om dei potensielt sett er dødelege. Det er så mykje i vitskapen og teknologien som har eit dobbelt bruksområde. Vi jobbar innanfor eit felt som dessverre også er av intens militær interesse, seier han.

 

Powered by Labrador CMS