Stiller ut Aasen blant «dumme og halvvilde folk»

Ivar Aasen dro på si første lange reise til Bergen og Nordhordland, og trefte Wilhelm Frimann Koren Christie. Universitetsbiblioteket feirar Språkåret 2013 med utstilling om Aasen og tida hans i distriktet, og viser fram skattar frå magasina.

– Han var på strilelandet i ni månadar. Dei trudde han var ein splint. Det var ingen som kom farande rundt og spurde om ord på den tida, fortel førstebibliotekar Jan Olav Gatland, som har skapt utstillinga saman med avdelingsingeniør Pedro Vásquez.

Botanikk eller mål
Aasen var 28 år gammal då han kom til Bergen, og med seg i bagasjen hadde han ei samling av 509 plantar, sirleg ordna etter Linné sitt system, og eit utkast til ein grammatikk, kalla Den søndmørske Dialekt. Reisa vart eit vendepunkt i målarbeidet hans.

– Han var usikker på om han skulle satse på plantesamlinga eller språket, fortel førsteamanuensis Endre Brunstad.

I Bergen møtte han dei fremste vitskapsfolka på den tida, mellom andre biskop Jacob Neumann, overlærar Lyder Sagen og rektor Hans Holmboe, samt Christie. Dei rådde han til å jobbe med grammatikk og dialektinnsamling, heller enn plantesamlinga si.

Ordskatt
Deretter farta han rundt i Nordhordland, og var blant anna på Litlebergen. I eit brev skreiv han at han ville reise til ei av øyene nord for Bergen, men ikkje bli der lenger enn i nokre veker: «Længer vil eg ialfald ikkje blive i dette ubeleilige Distrikt og blant disse dumme og halvvilde Folk.» Men etter opphaldet var inntrykket hans av strilane betre.

Aasen samla inn 500 ord under denne reisen i Nordhordland, mens han på Voss fann 150, og 300 i Hardanger.

Gjorde oss tolerante
– Ivar Aasen sitt arbeid la grunnlaget for landsmålet, som seinare blei nynorsken. Og det har gjort nordmenn meir tolerante for språklege avvik. Aasen sjølv var ikkje så opptatt av språkleg mangfald, men han la grunnlaget for det, seier Brunstad.

Utstillinga står i andre etasje på Bibliotek for humaniora ut mai, og inneheld mange godbitar, mellom anna det personlege seglet til Ivar Aasen, som dei ikkje kjenner til at finst andre stader.

– Eg var ikkje klar over at det fanst så mykje Aasen-materiale her på UB, fortel Jan Olav Gatland, som saman med Pedro Vásquez står bak den glitrande katalogen som høyrer med til utstillinga. Du finn han i elektronisk form her.

Men dei flotte breva som er utstilte har ikkje vore lenge på UB. Vásquez har nett lagd dei, som kopiar av dei skjøre originalane.

– Dei er forfalskingar, smiler Vásquez.

Høyr ei tidleg innspeling av “Nordmannen” (“Millom bakkar og berg”) frå det amerikanske kongressbiblioteket

 

Powered by Labrador CMS