Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Før jul arbeidde eit utval med å kartleggje kva arbeidsmiljøet til doktorgradskandidatane hadde å seie for gjennomføringa. No er rapporten klar, og med den følgjer framlegg til konkrete tiltak for å betre situasjonen for kandidatane.
Forskarutdanninga har vore evaluert både nasjonalt og lokalt tidlegare, men ein har ikkje sett på kva helse og arbeidsmiljø har å seie for gjennomstrøyminga på doktorgradsstudiet. Difor gjennomførte utvalet i haust ei kartleggjingsundersøking for å få direkte tilbakemeldingar frå kandidatane om dette. – Det vi først og fremst har fått vite, er at behovet for systematisering av informasjonen er stort, seier underdirektør ved HF-fakultetet, Trine Moe, som har leia utvalet. Etter omlegginga av gradsstrukturen er det dessutan blitt ei endring i kandidatane si tilknyting: Før var dei studentar, no er dei arbeidstakarar. Mange meiner det er uklart kva arbeidsgjevaransvar UiB har for stipendiatane. Til dømes er det få som opplever å bli inkludert i det systematiske HMS-arbeidet på arbeidsplassen.
Må kunne finne informasjon på éin stad
Ifølgje undersøkinga meiner 40% av dei kandidatane som har svart, at dei ikkje opplever å få god nok informasjon, rettleiing og hjelp frå universitetet i førekant av søknadsskriving. 61% har ikkje fått relevant informasjon om internasjonalisering og utanlandsopphald i stipendperioden. Mange saknar også informasjon kring publisering, medforfattarskap og kreditering.
– Det er ofte vanskeleg å vite kvar ein skal vende seg med spørsmåla sine: Om det er universitetet sentralt, fakultetet eller instituttet som har ansvaret. Vi må få samla informasjonen og få han publisert på nett. Ein må kunne finne informasjon om rutiner, skjema og liknande på éin stad, meiner Moe.
Uklart arbeidsgjevaransvar
– Elles er det viktigaste funnet i undersøkinga at det er fagleg integrering som har mest å seie for gjennomføringa. Med innføringa av den institusjonelle PhD-graden følgjer også eit nytt reglement, som legg vekt på at kandidaten skal vere ein del av eit aktivt forskarmiljø, og som vi vonar vil rette opp ein del ting som ikkje var godt nok tekne i vare i det gamle reglementet, fortel Moe.
Fysisk arbeidsmiljø og oppleving av å bli inkludert i HMS-arbeidet har tilsynelatande mindre å seie for om kandidatane trur dei blir ferdige på normert tid. Men Moe understrekar at det likevel er viktig å forbetre slike rutinar, for å gjere kandidatane sin arbeidssituasjon så god som råd.
– Fleire har etterlyst eit velkomstmøte ved arbeidsstart der dei kan bli presentert for kollegane og få informasjon om rutinene, alt frå pc og kontorplass til lunsjpausar og kultur på arbeidsplassen, seier Moe.
Kartleggjinga vart gjennomført ved e-post, og avslørte at det trengst ei omfattande gjennomgang av listene over doktorgradskandidatane. Alt i alt fekk utvalet respons frå 51 % av dei reelle kandidatane, noko utvalet er nøgd med.