Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Studentar ved Det psykologiske fakultet fekk ta opp att eksamen etter å ha fått ein eksamen som inneheldt feil i desember. No trur studentane at det same har skjedd igjen.
3. desember 2010 tok 500 studentar eksamen i årsstudiet i psykologi ved Universitetet i Bergen. Eksamenen var ein fleirvalseksamen. Kun 0,8 prosent av studentane fekk toppkarakteren A. I ettertid viste det seg at det var fleire feil i eksamensoppgåvene, og fakultetet lot studentar som ønska det ta ny eksamen 13. april. No mistenkjer studentane at også den nye eksamenen inneheldt fleire feil, ifølge Bergens Tidende. Gav beskjed om feil Berre ein student fekk karakteren A på den siste eksamenen. Dette utgjer ein prosentandel på 0,8 prosent, den same som i desember. Lavik var i kontakt med Det psykologiske fakultet eit par veker før eksamen og meldte frå om at databasen dei hentar fleirsvarsoppgåvene frå hadde feil i fasiten og at det var fleore riktige svaralternativ. Ho fekk til svar at oppgåvene var kvalitetssikra. Ho meiner at dette ikkje kan vere tilfelle. – Det var fleire heilt openbare feil på eksamen i april som burde ha vore fjerna under kvalitetssikringa, seier ho. Fleire studentar har no klaga til fakultetet på den siste eksamenen. Tek sjølvkritikk – Vi må ta sjølvkritikk for at vi i desember ikkje kvalitetssikra betre. Vi har vore for naive og stolt på at oppgåvene og svara har vore korrekte. I fjor bytta vi forlag til ein av lærebøkene med tilhøyrande fleirvalsprøvedatabase. Vi har aldri tidlegare opplevd feil ved slike produkt og stolte difor på at spørsmål og medfølgande svarnøkkel var korrekt, seier han til Bergens Tidende. Han understrekar at det er fagmiljøet ved UiB sitt ansvar å kvalitetssikre eksamen og forsikrar om at fagmiljøet og fakultetsleiinga vil følge opp saka nøye. Eventuelle uklarheiter skal ikkje falle ugunstig ut for studentane, ifølge Pallesen. – Dersom det etter avslutta gjennomgang skulle vise seg at det er feil, så vil fakultetet ta stilling til eventuelle avvik etter dei retningslinjene som UiB sitt eksamensreglement gjev, seier han.
– Eg har kasta bort 87.000 kroner og 10-11 timar lesing kvar dag i eitt år på å ta eksamenar det er umogleg å få A på, seier psykologistudenten Kristina Osland Lavik til Bergens Tidende.
Etter eksamen i desember oppdaga fakultetet, ifølge Ståle Pallesen, professor og leiar for programstyret for årsstudiet og bachelorstudiet ved Det psykologiske fakultet, feil i databasen dei hentar spørsmåla frå. Pallesen seier at fakultetet no arbeider med ordinær oppfølging etter den siste eksamenen. Søndag kveld sat han i møte med kollegaer for å gjennomgå eksamen og innkomne meldingar og spørsmål frå studentar.