Stolleiken i eit fornuftsekteskap

Publisert

– Dette er litt som stolleiken. Me som vert føreslegne at skal gå ut, vil jo ikkje ut.

Dela eller ikkje dela er framleis spørsmålet på Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Måndag hadde instituttrådet møte. Dei sa ikkje ja eller nei til delingsspørsmålet, men må gjera det før fakultetsstyret har møte i juni. Før den tid skal det òg gjennomførast ei spørjeundersøking der alle dei vitskapeleg tilsette vert spurt om kva dei meiner. Administrasjonen og studentane skal få høve til å uttala seg som gruppe.

På Høyden har tidlegare skrive om at Det humanistiske fakultetet no evaluerer instituttstrukturen sin. Det er fem år sidan mange små institutt vart slegne saman til færre store. Ei undersøking viser at institutta stort sett er nøgde med situasjonen i dag, men LLE er unntaket. I uttalen som var lagt ved sakspapira til fakultetstyret sitt februarmøte, vart det peika på at instituttet er for stort og komplekst og på at intstituttleiar ikkje får tid til å vera fagleg leiar.

Skal gjennomføra spørjeundersøking
Sidan den gong har instituttet mellom anna hatt eit internt møte. Då var stemninga noko annleis.

– Då me vart spurte før jul, var mange usikre på premissa. Ein var òg usikre på kva dei andre institutta sa, sa instituttleiar Johan Myking måndag.

Han har fleire gonger peika på at det ikkje er LLE som er problemet, men strukturen fakultetet har valt. Det er fakultetet som skal ta stilling til om noko skal gjerast med LLE.

– Fakultetsleiinga ønskjer ikkje eit vedtak i to rundar, dei vil ha alt på bordet og kunne gjera vedtak i junimøtet. Per i dag synest ikkje instituttleiinga me utan vidare har grunnlag for å føreslå deling. Me har ikkje data frå enkeltpersonar i fagmiljøet. Me har hatt internmøte der ein del synspunkt kom fram, og det har vore ein e-postdiskusjon. Men me treng nokre meir tydelege standpunkt, sa Myking.

Nokre tilsette, som Torodd Kinn, har teke til orde for å dela instituttet. Odd Einar Haugen er blant dei som meiner at instituttet fungerer.

– Eg meiner at ein må verta ferdige med denne saka så fort som mogleg – ho skaper uro. Mitt fagmiljø går ikkje inn for deling, og på kunsthistorie og litteraturvitskap er svara heller ikkje absolutte, sa Keld Hyldig.

Han er førsteamanuensis og har teatervitskap som fag.

– Ja, det er nokre problem ved dagens organisering, men dei kan me arbeida med. Det er òg nokre praktiske oppgåver, som medarbeidarsamtalar, men dei må ein kunne handtera, sa Hyldig.

Sigrun Eilertsen (nr to frå høgre) representerer norskkursa, som er føreslegne flytta. Ho seier at miljøet ikkje ønskjer dette. Eilertsen er her saman med Håvard Peersen, Keld Hyldig, Randi Neteland og Stig Andreassen

Fire forslag til deling
I notatet som var utgangspunkt for diskusjonen i instituttrådet, og som òg er sendt til fakultetsstyret, vert det peika på ulike løysingar:

Dela instituttet i to, med nordisk, norskkurs og språkvitskap på den eine sida og resten på den andre.

Danna eit institutt for filologi, språk og litteratur og flytta kunsthistorie, teatervitskap og digital kultur til Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

Flytta kunsthistorie til AHKR.

Administrativ utskiljing av norskkursa.

– Delingsspørsmålet er akutt viktigast. Kva som skal flyttast, må ein kma attende til. Eg meiner at me ikkje treng å klarera ei eventuell flytting av kunsthistorie til AHKR no. Fagmiljøet har ikkje noko tydeleg ønskje om dette, og eg meiner at me ikkje treng å diskutera dette med AHKR før fakultetsstyret har fatta sitt vedtak, sa Myking.

Norskkursa vil ikkje flytta
– Me er ein del av nordiskmiljøet, slo Sigrun Eilertsen fast.

Ho er universitetslektor og underviser ved norskkursa.

– Me er redde for å splitta administrasjonen. Det er viktig for oss å vera ein del av LLE, sa Eilersten, og la til:

– Me som vert føreslegne å gå ut vil jo ikkje ut. Dette vert litt som stolleiken.

Førsteamanuensis Jørgen Bakke, som representerer kunsthistorie, brukte eit anna bilete på instituttet: Fornuftsekteskap.

– Eg er ingen varm tilhengjar av LLE, og det vil eg aldri verta. Instituttet er som eit gamal fornuftsekteskap. Men òg fornuftsekteskap kan føra til barn, og LLE har eit felles barn: administrasjonen. Eg trur gevinstane ved omorganisering er små, sa Bakka, og la til at det skal mykje til for å overtyda han om deling.

– Eg trur neppe me får ein dobbelt så stor administrasjon, sa han.

Trur ikkje på meir administrative ressursar
Det trur ikkje Håvard Peersen heller. Han representerer dei teknisk-administrativt tilsette.

– Administrasjonen har uttrykt at LLE i dag er for stort og komplekst. Men me veit ikkje korleis det vil verta dersom instituttet vert delt. Det er ikkje slik at ein utan vidare får meir ressursar, sa Peersen, og viste til at ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet har ein ei ordning der to institutt har felles administrasjon.

– Alle endringsforslag og alle status quo-forslag vil kunne føra til nokre endringar. Ein del av problema som vert peika på er uavhengige av deling eller ikkje deling, sa Myking.

I Trondheim gjer Det humanistiske fakultet ved NTNU det same som søsterfakultet ved UiB gjorde for fem år sidan. Frå 1. august vert talet på institutt redusert frå ni til seks, skriv Universitetsavisa.

 

.

 

Powered by Labrador CMS