Stoltenberg oppmoda til politisk engasjement

Publisert

Universitetet hadde invitert til ope møte med Jens Stoltenberg onsdag føremiddag, for å diskutere konsekvensane etter Kvalitetsreforma og Ryssdalsutvalet si innstilling. Istaden vart det mest EU og sosialdemokrati, men Stoltenberg fekk i alle fall sagt at han er glad for at fleirtalsinnstillinga til Ryssdalsutvalet ikkje ser ut til å bli noko av.

Arbeidarpartileiar Jens Stoltenberg var i storform, og hadde tydeleg lagt den seriøse stortingspolitikar-fasaden att heime. Men så var også auditoriet på U.Pihls hus delvis fylt opp med folk frå hans eigen ungdomsorganisasjon.

– Eg er alltid litt ekstra glad for å snakke på eit universitet. Min store plan var å bli forskar, og eg tok to år av doktorgraden, men så ein dag ringde Thorbjørn Berntsen og spurde om eg ville bli statssekretær i Miljøverndepartementet, og dermed var det gjort, vedgjekk han.

Stoltenberg hadde ei tjue minutts innleiing som han på førehand opplyste kom til å handle om kvifor politikk er viktig.

– Vi som har vigd liva våre til politikken, tykkjer ofte det er vanskeleg å overtyde folk om at dei spelar ei rolle, dei vedtaka vi gjer. Det er ikkje berre TV-underhaldning, sa han.

Han siterte den tidlegare svenske statsministeren Tage Erlander på at oppgåva til sosialdemokratiet er å byggje dansegolv, så folk kan danse sine liv som dei vil.

Vil skape det gode liv

– Det grunnleggjande føremålet med politisk arbeid, er å skape det gode liv. Å vedta budsjett gjev berre meining om det gjev folk eit betre liv. Det klassiske dømet, er at for å kunne ha det bra, må ein har orden på nokre grunnleggjande materielle ting. Arbeid, bustad, helse, mat og klede er nødvendige, men ikkje tilstrekkelege vilkår for betre liv, meinte han.

Ved hjelp av fleire døme, snakka han om korleis personlege og private val er influerte av politiske avgjerder, og kvifor det difor er viktig å engasjere seg i desse avgjerdene.

– Utdanning er eit viktig verkemiddel for å oppnå sosial utjamning, og for å skaffe landet den kompetansen vi treng for å gjere opp for at vi aldri kan bli det billigaste alternativet. Men rett til utdanning er i seg sjølv ein rikdom, og utdanning må sjåast på som ein måte å verkeleggjere det gode liv. Mellom anna difor er eg glad for at fleirtalsinnstillinga til Ryssdalsutvalet ikkje ser ut til å bli noko av.

Han avrunda med å seie at det at ein ikkje er heilt samd i noko partiprogram, er ei dårleg unnskulding for å sitje heime ved vala. Å vente på det perfekte partiet, er om lag som å vente på den perfekte mannen, meinte han.

– Eg meiner ikkje at AP har rett heile tida. Vi gjer tabbar, og vi har intense diskusjonar somme tider. Men skal du vente på det partiet du er samd med i eitt og alt, endar du einsam og partilaus i sofaen. Og det er eit trist tilvere! Då er det mykje betre å danse sitt liv på eit litt traurig, men solid, sosialdemokratisk dansegolv.


Ba om reformfri

Leiar i NSU Bergen, Geir Pollestad, fekk etterpå fem minutt til å fokusere på studentsituasjonen.

– Kva bør det vere å vere student? Eg meiner fridom er eit stikkord. Etter dei siste åra med reform etter reform, har ein ikkje lenger råd til å ha ineffektive studentar som heng rundt i gangane og kanskje les bøker som ikkje står på pensumlista. Poengproduksjon er bra, men ein gløymer allmenndanninga og utviklinga av den kritiske tanken. Og med dei nye konverteringsordningane til Lånekassa, er det berre studentar med god økonomi i ryggen som har råd til å stryke på eksamen. Det lettar ikkje akkurat ein pressa eksamenssituasjon. Vi studentar må engasjere oss meir i vår eigen studiesituasjon. Vi vil ikkje vere prøvekaninar for den ”kvar minister, sin reform”-tendensen vi har sett, sa han.

Dei siste minutta var sett av til spørsmål frå salen. Denne delen utvikla seg raskt til ein generell diskusjon om EU, men Stoltenberg vart også konfrontert med problema med å trekke den høge kvinneandelen ved universiteta opp på professor-nivå. Han trudde mykje av problemet bunna i stillingsstrukturar og konservatisme ved institusjonane, og var lei for at ordninga med stillingar øyremerkte for kvinner, er avskaffa.

– Når det gjeld å tilsette kvinnelege professorar, er kanskje den enklaste løysinga berre å gjere det, sa han, men la til at han gjerne tek imot konkrete framlegg både på dette og andre område.

Powered by Labrador CMS