Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Studentane har etter alt å døme funne seg vel til rette med dei nye systema knytta til Kvalitetsreformen. Etter første veka hadde over halvparten laga ein utdanningsplan og i løpet av eitt minutt har over 300 sider vorte lasta ned frå Studentportalen.
Betre kommunikasjon med studentane er eit viktig element i det reformerte utdanningssytemet Den store omlegjinga set mellom anna høge krav til klår og oversiktleg studieinformasjon. For å møte dette kravet har Universitetet i Bergen laga ein nettbasert studentportal. Her finn ein generell informasjon om UiB og undervisningstilbod, samt at alle registrerte studentar får si eiga side med til dømes timeplan og eksamensoversikt.
På «Mi side» kjem også fakulteta og institutta med meldingar til studentane sine. Ferske tal viser at tilbodet fungerer svært bra. I alt er det fleire sider som vert lasta ned frå studentportalen enn frå den sentrale web-serveren på UiB. Forrige veke var dette talet så høgt som 321 sider per minutt på den generelle delen av postalen og 308 på «Mi side».
Nytt av året er også kravet om at alle studentar skal lage ein utdanningsplan. Her skal dei velje og stadfeste kva slags emne dei skal ta i inneverande semester. Utdanningsplanen syner óg kva som er obligatoriske emne innan studieprogrammet studenten er teken opp til, samt tilrådingar om ulike vegvalg. Sjølv om fristen for stadfesting av utdanningsplanen er satt til 1. september har over 50 prosent allereie laga ein slik plan. Dette tek Utdanningsavdelinga som eit tekn på at infomasjonen deira har nådd fram og at studentane har vore godt førebudde på endringane.
– Dei fleste emna som inngår i dei nye studieprogramma er nye og det er mykje studentane må ta stilling til innan kvart program. Men sidan over halvparten allereie har laga ein plan, verkar det som om det nye systemet for registrering av utdanningsplanar fungerer. Det er vi sjølvsagt svært nøgde med og vi må få retta ein stor takk til tilsette ved fakulteta, Utdanningsavdelinga og IT-avdelinga. Desse har ansvaret for å leggje inn all informasjonen knytta til dei enkelte studieprogramma og at systemet til ei kvar tid er så oppdatert som mogleg, sier Oddveig Åsheim ved Seksjon for fellestenester.
Ein ny applikasjon i studieadministrasjonsystemet FS (Felles studentsystem) har gjort registeringa av utdanningsplanar til ein del av sjølve semesterregistreringa. Ordninga har også vekt merksemd internasjonalt. Så langt dei veit, er det berre eit universitet i Australia som opererer med noko liknande.
Suksessen inneber imidlertid utfordringar i forhold kapasitet og pc-dekning. Utdanningsavdelinga opplysar om at dei ikke har fått nokon tilbakemelding frå studentane om at pc-dekninga er for dårlig i samband med haustens semesterregistrering.
– Dette er imidlertid noko ein sjølvsagt vil følgje med på etter kvart. Dette er også eit tema i den foreståande oppføljinga av undersøkjinga «Studentbarometeret 2003», sier Åsheim.
Erik Valevatn, leiar av ELINE, som er den seksjonen som hatt ansvar for dei tekniske løysingane for Studentportalen, stadfester at serveren er utsett for eit sterkt press. Han fortel at ein no vurderer å auke kapasiteten.