Stor auke i studentutvekslinga på Sampol

Publisert

Institutt for samanliknande politikk måtte vinke farvel til 70 studentar i fjor. Heldigvis kom dei fleste attende - etter gjennomført utvekslingsopphald i utlandet.

– Vi er eit veldig internasjonalt orientert fag - det ligg jo i faget sin natur - og vi tiltrekk oss nok studentar som er motiverte for å reise ut og for å studere internasjonale problemstillingar, seier professor Stein Kuhnle.

Instituttet sende ut 70 studentar på utveksling i 2003. Det var ein auke frå 52 i 2002. I år er målet å bryte 100-grensa.

– Vi har hatt ein auke på alle typar utvekslingsavtaler. Vi har halde på med dette arbeidet i ti år, og det er dette langsiktige arbeidet som no gjev resultat, seier kontorsjef Ragnhild Stolt-Nielsen.

– Mykje skuldast at vi har ein førstekonsulent som har dette som sitt arbeidsfelt. Satsinga er arbeidskrevjande, og resultata syner at ressursane må konsentrerast på instituttnivå om ein skal få studentane til å reise. Det er her studentane kjem med spørsmåla sine, og det er her dei tilsette har fagkontaktar som kan hjelpe studentane med å velje studiestad.

Reiser over heile verda

Studentane reiser både på lågare og høgare grad, og dei dreg over heile verda. Ein oversikt over studiedestinasjonar viser at dei fleste dreg innanfor Erasmus-nettverket eller gjennom institusjonsavtalar. Dei reiser både til Europa og til fjernare stader som Sør-Afrika, Costa Rica og Shanghai. Stolt-Nielsen trur både kvalitetsreforma og den sentrale satsinga på studentutveksling har vore med på å gjere studentane meir bevisste på tilbodet.

– Vi tilbyr mange universitet og let studentane velje studium sjølve ved å tilby eit stort spekter av kurs. Vi meiner det er viktig å leite opp kurs vi ikkje har her ved instituttet. Viss ikkje, kunne dei jo like godt bli heime. Ein slik modell, som bunnar i god kontakt med samarbeidsinstitusjonane, er vi svært nøgde med, fortel Stolt-Nielsen.

Kuhnle er samd i at det er viktig å tilby kurs som kan gje studentane supplerande kompetanse på felt der instituttet ikkje har spesialisert seg.

– Den store auken i talet på utvekslingsstudentar, viser at nettverka våre fungerer. Dessutan er det nok ein kultur for å reise ut. Vi har lenge orientert om tilbodet, og studentane ser eit utanlandsopphald som nyttig, både for studiet og for framtidig karriere.

Kontorsjef Stolt-Nielsen fortel at dei også har lagt arbeid i å tilby emne på engelsk for å tiltrekke utanlandske studentar.

– Det må jo vere ein viss balanse. I 2002 godkjende vi 325 vekttal frå studentar som kom hit på utveksling, og dette semesteret går alle masterkurs på engelsk.

Powered by Labrador CMS