Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Onsdag 7. mai kjem Dronning Sonja til Bergen for å vere gudmor til ein stor og kraftig plugg av eit dåpsbarn. Det er ikkje dotterdottera det gjeld, men UiB og HI sitt flunkande nye forskingsfarty, G.O. Sars.
Hausten 1999 vedtok Stortinget å løyve pengar til bygging av nytt forskingsfarty til UiB og Havforskingsinstituttet (HI). Bygginga tok til hausten 2001, og no er skipet overlevert, testa og klart til bruk - når berre dåpen er overstått. -– No er vi inne i ein testperiode der vi skal sjekke at båten kan utføre dei tinga han er sett til å gjere. Den perioden kjem til å vare til ut i juli, seier professor Rolf Mjelde som leier Utvalg for nytt fartøy ved UiB. Nye G.O. Sars er på 3800 brutto registertonn, og vil ha ombord store mengder avansert utstyr for både geologiske og biologiske undersøkingar. Tidlegare har det vore eit problem at støyen frå forskingsfartya har vore opphav til store feilkjelder, mellom anna ved observasjon av naturleg åtferd hos fisk. På det nye skipet vil denne feilkjelda vere sterkt redusert, slik at ein mellom anna kan kombinere seismiske undersøkingar med mengdemåling og åtferdsstudium av fisk. Ved å kombinere tokt med ulike føremål på dene måten, kan bruken av båten bli sterkt effektivisert. G.O. Sars vil også kunne drive undersøkingar på større djup enn tidlegare, og skipet vil vere meir stabilt, slik at ein blir mindre avhengige av godt vêr.
Båten som skal smake champagnen på onsdag, er den tredje i rekkja av forskingsfarty med G.O. Sars-namnet. Han er kalla opp etter zoologen Georg Ossian Sars (1837-1927) som sto for ein stor forskingsinnsats i marin zoologi.
På dåpsdagen vil skipet liggje ved Nykirkekaien. Klokka ti om føremiddagen startar seremonien med at administrerande direktør ved HI, Roald Vaage, ynskjer velkomen, følgt av fiskeriminister Svein Ludvigsen. Deretter vil Dronning Sonja stå for sjølve dåpen. Etterpå blir det omvising og lunsj på båten for dei inviterte gjestene. Både Larmonien, Kor i havet og Griegakademiet skal bidra med kulturelle innslag før, under og etter dåpsseremonien.
Elles vil båten vere open for tilsette ved UiB og HI måndag 5. mai frå 13.00-17.00, og for publikum generelt søndag 11. mai frå 13.00-16.30, begge dagar ved Nykirkekaien. Laurdag 10. mai har dei tilsette ved brukarinstitutta fått invitasjon til å ta med familien ein tur på fjorden.
Ser fram til å bruke skipet
– Seinare på sommaren og hausten vil båten bli sett i vanleg toktaktivitet, både i Barentshavet og Norskehavet, først og fremst med planktonovervaking og fiskerikartleggjing.
Mjelde fortel at forskarane ved UiB ser fram til å ta det nye skipet i bruk for alvor.
– Nett no er det ei litt hektisk periode med mykje testing, og UiB kjem for det meste til å bruke Håkon Mosby til våre tokt i år. Men det nye skipet ser ut til å fungere godt, og frå og med neste år reknar vi med å vere i skikkeleg aktivitet.
Mindre støy, meir stabilt