Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Frå 1.januar blir mange IT-ansvarlige som har vore plassert i lokale einingar på UIB overført til IT-avdelinga. Målet med omstillinga er betre IT-tenester for heile UiB.
IT-avdelinga blir dermed både kraftig utvida og den blir omorganisert. Dei fleste sentrale og lokale IT-stillingane skal fristillast og det blir utarbeidd ein ny organisasjons- og bemanningsplan. Dei IT-tilsette må så søke på nytt, men seniorkonsulent Christina Brunner ved Økonomi- og personalavdelinga som koordinerer omorganiseringa seier at alle skal vere trygge på at dei blir ivaretekne. Alle fagmiljøa og som før administrasjonen blir no alle primærbrukarar hjå IT_avdelinga. IT-avdelinga får ansvar for klientstøtte, datalagring og tryggingskopiering (back-up). Fagnære oppgåver kan framleis ligge attende i fagmiljøa. Dei kan eventuelt kjøpe tenestene frå IT-avdelinga. – Tidlegare har dei lokale IT-medarbeidarane i stor grad drive brannslukking, og det har og vore ein tendens til at nokre forskarar har fått mykje hjelp, medan mange har fått lite støtte, seier Tor Bu, som peikar på at inititativet til sentralisering av It-tenestene kom frå seks av sju fakultetsdirektørar ved UiB, som meinte at utnyttinga av ressursane på denne måten kunne bli betre.
– Alle stillingar skal godkjennast i omstillingsutvalet som har representantar frå arbeidstakarorganisasjonane og frå arbeidsgjevar. Alle skal bli høyrt og dei vil få uttale seg om kva stillingar dei ønskjer. Vi er svært opptekne av at dette blir ein ryddig prosess og vi kvalitetssikrar heile tida, seier Brunner. Nokre vil få akkurat same jobb som før, andre vil kjenne att deler av stillinga, medan andre igjen vil få ei heilt ny stilling. Ein vil legge vinn på at den einskilde får utnytta sin kompetanse. Alle vil behalde løn og stillingskode.
HF- og SV-fakultetet har allereie overført sine IT-medarbeidarar, mens for resten av fakulteta vil den gamle organisasjonen fungere til 31.desember i år, då dei blir overført til den sentrale IT-avdelinga. Kor ein fysisk skal plassere alle dei som blir omorganisert er endå ikkje klart.
– Vi jobbar med det, og er trygge på at vi vil finne gode løysingar, seier Christina Brunner.
Ventar hardt trykk på IT
– Det er viktig å få formidla at vi ikkje automatisk kan ta ansvar for alt som skjer på IT-sida. Budsjettet vårt aukar med berre tolv millionar , så vi må sette klare genser for kva vi kan gje støtte til , seier IT-direktør Tor Bu. Han viser til Serviceerklæringa som eit viktig dokument for tilhøvet mellom IT-avdelinga og brukarane. Grensa går på brukarstøtte til dei systema som IT-avdelinga har driftsansvar for.
Talet på tilsette i IT-avdelinga vil etter omstillinga truleg ligge på rundt 80. Heile IT-avdelinga, unnateke 12 tilsette, skal fristillast. Tor Bu ventar at arbeidspresset vil bli stort, men han trur likevel at servicen for det store fleirtal av brukarar vil bli betre enn før. Det er mykje lettare å standardisere tenestene når ein samlar kompetansen, meinar Bu.
Brannslukking
19.oktober er det planlagt eit allmøte der den nye funksjons- og bemanningsplanen ved IT-avdelinga skal leggast fram.
Ein ting er sikkert: Det kjem til å bli trangt på den nye IT-avdelinga. Og IT-direktør Bu har allereie flytta frå eit stort kontor med utsikt, til eit ordinært kontor med utsikt inn mot bakgården.