Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet opplevde nok ein gong ein auke i talet på søkjarar, men det er usikkert om økonomien strekk til. – Vi avgrensar heller opptaket enn å senke kvaliteten på studia, seier dekan Dag Rune Olsen.
Tidlegare i vår kom søkjartala frå Samordna opptak. For tredje år på rad auka søkjartala til realfaga. Dette er gledelege nyheiter for dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Dag Rune Olsen. Samstundes finst det skår i gleda. – Petroleums- og prosessteknologi er eitt av dei faga som har gått i vêret. Dette er dyre studieplassar, og dersom finansieringa ikkje strekk til, vil vi heller avgrense opptaket enn å la det gå ut over kvaliteten, seier Olsen. Tilsvarande utfordringar – Av dei laboratoriebaserte faga har vi overlegent best søkjarmasse til nanoteknologistudiet. Her brukar studentane nano-laben, noko som gjer dette til dyre studieplassar, seier Bjørn Hafskjold, dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved NTNU. Ifølge Hafskjold har NTNU førebels valt å løyse utfordringa knytt til dyre studieplassar ved å setje eit tak på talet studieplassar. Dei har også sett seg nøydde til å redusere omfanget av laboratorieundervising i fleire kjemiemner og teke bort feltundervising i biologi. – Vi har også vurdert å ta bort laboratorieundervising i eksperimentelle fag, men det ville ha vore dramatisk å gå til dette steget. Dette ville ha gått utover studiekvaliteten, seier han. – Manglande samsvar Bjørn Hafskjold er leiar for Det nasjonale fakultetsmøtet for realfag. Han er samd med Dag Rune Olsen i at regjeringa si satsing på realfag ikkje er i samsvar med løyvingane. – Utfordringa er at departementet har intensjonar om og gjennomfører tiltak for å få fleire til å ta realfag utan at økonomien strekk til. Det er ikkje nokon ein til ein-samanheng mellom det talet på studieplassar departementet ønskjer og det talet på studieplassar vi har å tilby, seier han. Samstundes understrekar han at det ikkje er opp til departementet åleine å legge til rette for fleire studieplassar i realfaga. – Vi kan ikkje halde departementet ansvarlege for at studentfordelinga internt ikkje blir slik vi øsnkjer. Den interne fordelinga av studieplassar heng først og fremst på universiteta lokalt, seier han. Vil nå ramma – No har vi fått sterke søkjartal, no treng vi berre sterkare økonomi for å få til eit felles løft, var beskjeden hans. Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiB har fått ei opptaksramme på 647 studentar for studieåret 2011/2012. Til trass for økonomiske utfordringar er fakultetet si klare målsetjing etter det endelege opptaket å sitje att med så mange nye bachelorstudentar som ramma tillet. – Vi meiner at dette talet er eit rimeleg handslag til det behovet samfunnet har for personar med realfagsutdanning, seier han.
Også realfaga ved NTNU har gode søkjartal og vekst i søkjarmassen. Som ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB er det eksperimentelle fag med laboratorieundervising og feltarbeid som peikar seg ut.
I fjor la regjeringa fram sin plan for styrking av realfag og teknologi, ”Realfag for framtida”. Dag Rune Olsen meiner imidlertid at regjeringa ikkje følgjer opp. I eit felles debattinnlegg i mars i år understrekar dekanane ved dei matematisk-naturvitskaplege fakulteta i landet at utdanning innan realfag og teknologi er dyrare enn departementet legg til grunn i sine utrekningar. Her gjer dei det også klart at dei forventar samsvar mellom vedtekne strategiar og tiltak frå regjeringa si side.
I mai hadde dei eit møte med kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (KUF) på Stortinget der dei mellom anna presenterte dei økonomiske utfordringane for realfaga. Under Christiekonferansen i slutten av april møtte Dag Rune Olsen på to av komitémedlemmane, Henning Warloe og Tord Lien. Heller ikkje då let han høvet gå frå seg til å diskutere finansieringa av realfaga.