Storlansering av Naturhistorisk vegbok

Publisert

Praktverket Naturhistorisk vegbok vart torsdag 28.oktober lansert på Bergen Museum for fulle hus. Der fekk publikum også for første gong sjå VR-applikasjonen der ein kan reise virtuelt gjennom Hordalandsnaturen.

Det gule rommet på Bergen Museum var fylt til trengsel under presentasjonen av Naturhistorisk vegbok og dei frammøtte fekk ein variert meny. Dei fekk vere med på ei virtuell reise frå Flesland og inn til byen og utover mot Fedje, akkompagnert av både Brannsongar og måkeskrik. Dei fekk også vakker song og musikk, mellom anna frå Terje Isungset, og ikkje minst nøgde redaktørar og andre bidragsytarar som endeleg kunne presentere det ferdige verket “Naturhistorisk vegbok for Hordaland”.

Hovudredaktør William Helland-Hansen er glad for å endeleg vere i mål med den Naturhistoriske vegboka og seier at responsen så langt er svært god.

- Det er mykje begeistring og store forventningar til boka. Responsen er akkurat slik vi ønskte at den skulle vere, seier Helland-Hansen som hadde idéen til boka og har jobba med den sidan 1998.

- Noko av den viktigaste motivasjonen til å skrive boka er å auke interessa og kunnskapen om naturfag. Vi ønskjer sjølvsagt å få fleire unge interessert og vi meiner det er svært viktig at medvitet om naturen må aukast. Naturen rundt oss er truga og vi trur kunnskapsformidlng som dette kan hjelpe til å bevare naturen, sa William Helland-Hansen.

Naturhistorisk vegbok bygger på same lest som forgjengaren Kulturhistorisk vegbok. Den kom i 1993 og vart ein formidabel suksess. Naturhistoria er på 586 sider og har 1750 bilete og illustrasjonar. Den som har vore hovudfotograf og har trakka rundt i hordalandsnaturen på jakt etter akkurat det rette lyset er er forleggar for boka Svein Nord, frå forlaget Nord4.

Hordaland skal vere det einaste fylket som har laga slike omfattande bøker om natur og kultur. Det blir jobba med at skuleklassar i den vidaregående skulen i Hordaland skal få boka som klassesett. Boka vender seg mot alle - og har lagt stor vekt på god formidling.
At Naturhistorisk vegbok på same vis som Kulturhistorisk vegbok er med å minske avstanden mellom forskarar og ekspertar og lokalbefolkninga vart streka under av fleire på opninga.

Direktør ved Bergen Museum Siri Jansen streka under at dette er eit fantastisk tverrfagleg formidlingsprosjekt, der ikkje minst folk ved Mat.Nat-fakultetet har gjort ein kjempejobb.

- Dette er formidling på sitt beste. Det forskarar som er i forskningsfronten internasjonalt som her kan auke forståinga vår av den naturen vi er omgjevne av til dagleg, sa universitetsdirektør Kåre Rommetveit. Han sa også at det er ekstra gledeleg at Knut Fægri, som var ein fantastisk formidlar på mange ulike arenaer, og var med i arbeidet med Naturhistorisk vegbok til han døydde for få år sidan, har fått ein sentral plass i denne boka.

Fægri skreiv på ein måte som ingen gjer etter han. Dokumentarpoesi kan ein kalle det, sa Nils Georg Brekke frå Hordaland Fylkeskommune som har vore medredaktør for boka.

Fægri er ein av om lag 50 bidragsytarar til boka og det første opplaget er trykt i 8000 eksemplar.

VR-applikasjonen som altså har lyd og kjem med innebygd Brannsong er ei gåve frå Hydro til Bergen Museum. Hydro har og vore hovudsponsor for Naturhistorisk vegbok. Mange representantar frå Hydro var til stades på opninga. Dei vart takka varmt for at dei tek samfunnsansvar gjennom å sponse tiltak som dette.

Powered by Labrador CMS