Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Når det kjem til forsking på fiskeri og havbruk er Norge eit internasjonalt kraftsentrum.
Norsk forsking har hatt stor påverknad på den marine kunnskapsutviklinga internasjonalt. I fagfeltet fiskeri- og havbruksforskning utmerkar Norge seg ved å ha høgast siteringsindeks av samtlege land. Dette viser tal frå ein ny rapport publisert av NIFU i samarbeid med Norges forskingsråd. Når ein ser på den totale artikkelproduksjonen i tidsrommet 2009-2011 innan fiskeri- og havbruksforsking, vert 4,2 prosent av alle artiklane skrivne ved hjelp av norske forskarar. Verdsleiande på torskeforsking Tala frå NIFU viser at Norge er ein stor marin forskingsnasjon. Dersom er ser på den totale vitskapelege artikkelproduksjonen under eitt, står Norge for 0,63 prosent av denne. Stor instituttsektor – Marin- og havbruksforsking er med andre ord eit fagfelt der Norge er ein relativt stor aktør i internasjonal samanheng. Den norske artikkelproduksjonen har variert ein del frå år til år. Men den viser ein auke både i fiskeri-og havbruksforsking og marin- og ferskvassbiologi, seier seniorrådgjevar Bo Sarpebakken til NIFU. Foto: Colorbox
Norge er klart størst når det kjem til torskerelatert forsking. I perioden 2010-20012 vart det skrive 345 artiklar om torsk i verda. Norske forskarar har vore involvert i arbeidet med 39 prosent av alle desse.
Nesten 2400 forskarar arbeider med problemstillingar knytt til marin FoU og havbruksforsking. Om lag halvparten av desse er sysselsett i instituttsektoren, medan rundt 500 er tilsett i næringslivet.
Tre fjerdedelar av forskarane som arbeider med marin forsking på universitet, høgskular eller i instituttsektoren har doktorgrad.