Stort løft til juss

Publisert

På Universitetsstyremøtet 3. april fordelte styret betydelege midlar til oppfølgjing av Kvalitetsreforma. Tre millioner går til å gje Juridisk fakultet eit løft i samband med omleggjinga til femårig studieløp.

– Vi er svært godt nøgde med pengane vi no har fått. Det viser at Universitetet har valt å satse på vårt opplegg og har forståing for vårt behov for ressursar, seier dekanus ved Juridisk fakultet, Ernst Nordtveit.

Frå hausten 2003 innfører fakultetet eit nytt femårig masterstudium i rettsvitskap, til erstatning for det tidlegare seksårige jusstudiet som førde fram til graden cand.jur. Masterstudiet vil bestå av mindre fagmodular som byggjer på kvarandre og skal takast i bestemt rekkjefølgje. Fakultetet legg sterk vekt på pedagogiske endringar.

Meir struktur med master

– Målet med den nye ordninga er å gje studentane meir trening i å takle nye problemstillingar, i å finne løysingar sjølve, formulere seg skriftleg og byggje opp ein juridisk argumentasjon. Dermed vil dei stå godt rusta til den arbeidsmarknaden dei skal ut i. I overgangen frå seks til fem år måtte vi leggje vekt på nokre viktige element, og vi har satsa på basiskunnskapar samt vekt på det sjølvstendige, skrftlege arbeidet. For studentane trur eg den nye ordninga vil gjere det lettare for dei å vite kva dei gjev seg ut på, og å vite undervegs kvar dei står, seier Nordtveit.

– Studiet vil bli meir systematisk problemorientert enn før, med mykje oppgåveskriving undervegs, og med obligatorisk deltaking på samlingar og storgruppemøte. Men det tyder ikkje at studentane skal tilbake til skulen. Det vil framleis bli kravd mykje eigeninnsats, men studiet vil bli meir strukturert, med delmål og tilbakemeldingar undervegs. Vi trur dette vil gje ei meir effektiv utnytting av tida.


Treng mykje personalressursar

Pengane fakultetet no har fått, vil først og fremst gå til undervisingskrefter.

– Når studentane skal skrive meir og få tettare oppfølgjing, krever det større personalressursar. Desse pengane er heilt avgjerande for at vi skal kunne sette inn fleire personar i undervisingsstillingar, og kjøpe rettleiingstenester. I tillegg vil ein del gå til administrasjon. Sjølv om vi legg vekt på å få flest mogleg studentar over i ny studieordning, må vi kjøre eit dobbeltløp framover, der ny og gammal studieordning går parallelt.

Nordtveit presiserer at pakken frå Universitetet gjeld for dette året, og at det trengst meir ressursar for å følgje opp reforma i åra som kjem.

– Vi er stort sett samde med UiB sentralt om kva vi har behov for, men dette krev løyvingar frå politisk hald. Alle vonar sjølvsagt at dei som sette reforma i gong, tek ansvar for at ho kan gjennomførast på ein forsvarleg måte.

I den nye studieplanen inngår det ei sjølvstendig masteroppgåve på 30 studiepoeng, som skal skrivast i løpet av dei to siste studieåra. Det vil innebere ein stor overgang frå dagens ordning, der berre eit fåtal vel å levere den friviljuge særavhandlinga. Fakultetet arbeider med samarbeidsordningar med andre universitet, og legg opp til at denne delen av studiet skal kunne takast i utlandet om ein ønskjer det. Nordtveit trur refleksjon kring denne oppgåva til dels skal kunne vege opp for at studiet no misser eitt år.

Powered by Labrador CMS