Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Forskningsgruppe for molekylær tumorpatologi ved Gades institutt har fått millionstøtte for å kartlegge biologien i dei hissigaste kreftsvulstane.
Professor Lars A. Akslen leiar forskingsgruppa som før helga fekk tildelt over seks millionar frå Norges Forskingsråd dei neste fire åra til forsking på såkalla angiogenese. Forskargruppa har sidan 1996 drive studier av angiogenese - som er nydanning av blodkar rundt og inne i veksande kreftsvulstar. - Auka angiogenese og danning av årenøster er eit kjenneteikn ved aggressive kreftsvulstar. Nye blodkar i svulstane er ein forutsetnad for at svulstane skal vekse, og for at dei kan spreie seg vidare. Svulstar med årenøster er særskilt hissige. Når ein veit meir om kvifor slike årenøster vert danna, kan ein utvikle strategiar for å stoppe dei, seier Akslen. Når ei celle i kroppen forandrar seg til ei kreftcelle, byrjar den å sende ut signal, og nokre av desse kan stimulere veksten av blodkar. Kreftcellene treng nettopp fleire blodårer for å skaffe seg næring og vekse. Eit arbeid som forskargruppa publiserte tidlegare i år viser at eit av særtrekka ved dei mest aggressive former for brystkreft er omfanget av avvikande blodkar, såkalla årenøster, og at desse ser ut til å henge i hop både med BRCA1-genet og med p53, eit anna sentralt kreftgen. Funn av desse markørane indikerer dårlegare prognose for pasientane.
Dei har tidlegare funne at personar med høg tettleik av blodkar i svulsten, og særleg dei med årenøster, har redusert sjanse til overleving. Dette gjeld ulike krefttypar, mellom anna føflekkreft og kreftsvulstar i livmor, prostata og bryst.
- Tildelinga av prosjektstøtte er svært oppmuntrande, og vil setje oss i stand til å utvide prosjektet vidare, seier Akslen. Ifølge professoren i patologi er prosjektet viktig innanfor klinisk kreftforsking, ikkje minst fordi det har ein fot i klinisk forsking og ein i meir basal kreftforsking.
Dei hissigaste svulstane
Ein kan også meir presist velje ut rett pasient til rett behandling. Forskargruppa nyttar molekylære metodar for å kartlegge biologien i kreftsvulstar og samspelet med blodårene, og forskargruppa til Akslen er langt framme i arbeider med å kartlegge dette fenomenet.
Programmert til å spreie seg
- I kreftcellene er det innebygd ein tendens til å spreie seg, og dette skjer mellom anna ved hjelp av blodomløpet. Det er ikkje berre kreftcellene som er løpske, men vekst av blodårene kan også vere ute av kontroll i endel svulstar. Om ein kreftsvulst ikkje får tilført blod, stoppar den å vekse når den er 1-2 millimeter stor.
- I løpet av dei siste to åra har vi sett på aktiviteten til mange tusen gener i ulike svulstar, ved hjelp av såkalla mikromatrise-teknikk. Dette er eit nært samarbeid med professor Karl H. Kalland, også han ved Gades institutt, og kolleger ved Kvinneklinikken og Kirurgisk institutt, Haukeland universitetssykehus, seier Akslen. Han seier at tildelinga vil gjere det mogeleg å utvikle nye og betre analyser av angiogenese i hissige kreftsvulstar.
Brystkreft
- At ein finn feil på visse gener og protein i forbindelse med høg tettleik av blodkar og årenøster i svulsten, er som å finne nye og spennande bitar i eit stort puslespel, seier patologen.
Akslen legg til at det blir forska intensivt på medisinar som hemmer voksande blodkar. Nyare studier viser at dette kan vere effektivt i behandling av kreftsvulstar hos menneske, og ikkje berre i dyreforsøk. Patologar og onkologar ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus planlegg no eit samarbeid som kan bedre utsiktene for aggressive svulstar, som til dømes føflekkreft med spreiing.