Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB-leiinga vil visa omverda kva ambisjonar ein faktisk har, og ønskjer ei markering av den nye strategien.
Ei ugle som lettar, det er biletet som vert brukt for å illustrera UiB sin strategi. Strategien vart først vedteken i 2016, og skal gjelda fram til 2022, men ein revidert strategi vart vedteken i universitetsstyremøtet torsdag. Her er det særleg nokre av delmåla som er spissa og endra. Hovudmåla er framleis «Vi utdanner», «vi utforsker», «vi utfordrer» og «vi utvikler».
Men ein ting er at UiB vedtek ein strategi. Noko anna er korleis strategien vert brukt i praksis – og òg korleis omverda veit at ein har lagt planar.
– Eg er oppteken av at me skal heisa dei ambisjonane eit slikt strategidoument er meint å vera. Me treng å visa til heile organisasjonen, men òg til omverda, kva me har tenkt å gjera.
Det sa kommunikasjonsdirektør Tor Godal i styremøtet.
Han ønskjer å invitera til ei markering i aulaen der strategien vert presentert.
– I tillegg må me nytta dei plattformene folk er på i dag, altså sosiale media. Eg har allereie bestilt nokre videoar som kan nyttast der, sa Godal.
– Les ein det som faktisk står i strategien, så er dette ganske ambisiøst. Alternativt kan eg ta fram statsvitaren i meg og seia at dette er ei lang rekke honnørord, sa Jørgen Melve.
Han representerer dei teknisk og administrativt tilsette.
– Det som står i strategien skal gjerast av nokon, og det kan verta ganske krevjande. Noko skal gjerast av administrativt tilsette, og dei vert det stadig færre av, sa Melve vidare.
– Prioritering vert oppfølging av strategien. Alt som ligg inne kan ikkje gjerast til same tid, så me må laga planar i form av korleis me skal gå vidare. Strategien må visa i form av handlingsplanar og budsjett, sa rektor Dag Rune Olsen.