Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Mens Institutt for sosialantropologi er blant dei beste i verda, får organiseringa lite skryt av eit internasjonalt panel som har vurdert utviklingsforskinga i Bergen.
Konklusjonen er alarmerande lik vurderinga til forskargruppa som i fjor evaluerte den marine forskinga ved Universitetet i Bergen. Også denne gongen får arbeidsdelinga mellom UiB og Uni Research trekk, men i langt mindre grad enn for den marine forskingsporteføljen.
I tillegg til sosialantropologane får Senter for internasjonal helse, Institutt for geovitskap og UiB Global skryt.
Aukande tendens
Evalueringa viser at produksjonen av publikasjonspoeng innan utviklingsforsking har auka frå under 100 i 2004 til 170 i 2013. Og mens 2,5 prosent av publikasjonspoenga kom frå global og utviklingsrelatert forsking i 2004, så har talet auka til 6,4 prosent i 2013.
Panelet meiner òg at UiB har eit sterkt utdanningstilbod for master- og doktorgradsstudentar på feltet, men merkar seg at undervisninga for studentar frå utviklingsland er dårleg koordinert med resten av studietilbodet.
Intern konkurranse
Den svakaste sida til utviklingsforskinga ved UiB meiner panelet er dårleg organisering, særleg når det gjeld strukturar som går på tvers av institutt og fakultet. Logistiske og byråkratiske stengsel kan her hindre einingar som UiB Global å utføre mandatet sitt. Intern konkurranse mellom fagmiljø på ulike fakultet kan virke hindrande for samarbeid, det same gjeld korleis publikasjonspoenga blir delt.
Organisasjon og prosessar
Panelet, som har vore leia av geografiprofessor Jon Lovett frå Leeds University, peikar på to svake punkt: For det første hindrar budsjettprosessar og liknande rutiner samarbeid. For det andre manglar det ein overordna organisasjonsmodell for denne forskinga, og stadige endringar av organisasjonen har ikkje hjelpt.
Bør halde fram
Den omdiskuterte flyttinga av verksemd frå UiB-eigde Uni Global til UiB Global, blir omtalt som ei omdiskutert endring, men panelet har ikkje diskutert vidare om det var rett eller galt å gjere endringa.
Panelet konkluderer med at global og utviklingsrelatert forsking framleis bør vere eit satsingsområde for UiB.