Bildet er fra 2012, da en rekke ansatte ved UiB var i streik, og ble trukket i lønn. Det trenger ikke å skje under dagens politiske streik.

Strid om trekk i løn

Publisert

Alle som er med på streiken skal trekkast i løn, meiner departementet. Om du gjer jobben din til andre tider skal du ikkje trekkast i løn, meiner tillitsvald.

I utgangspunktet fekk dei tilsette ved UiB melding om at dei ikkje ville bli trekt i løn om dei deltok på den politiske streiken frå klokka 1400 til 1600 i dag. Men etter at UiB fekk pålegg frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet kom det kontrabeskjed: Alle som deltek i streiken må gi melding til sin overordna, og skal trekkast i løn. 

Departementet hevdar òg at det ikkje er høve til å ta ut fleksitid for å delta i streiken, og viser til side 12 i heftet Arbeidskonflikter i staten. Men i heftet står det ikkje noko om at ein ikkje kan ta ut fleksitid for å delta i den politiske streiken, berre at <<Uansett om en slik aksjon er lovlig eller ulovlig, vil de som deltar ikke ha krav på lønn for den tiden de aksjonerer>>.

Forskarforbundet, NTL og Parat ved UiB har fått følgjande uttale i ein epost frå universitetsdirektør Kjell Bernstrøm om saka: 

<<Dette burde være rimelig enkelt.  Dette er en politisk streik som er en frivillig markering. Det er kun dem som melder fra om at de har streiket som trekkes i lønn. Andre må ansees å ha arbeidet på ordinær måte. Om en avspaserer, mener jeg en ikke har vært i streik.>>

Forskarforbundet meiner difor at ein både kan ta ut fleksitid for å delta på markeringa, og gjere jobben sin på andre tidspunkt. Då vil ein framleis ha rett på løn, men formelt sett ikkje ha vore i streik. UiB-leiar Steinar Vagstad i Forskarforbundet oppmodar uansett alle om å melde frå til næraste leiar kor dei går, sjølv om ein avspaserer. 

For svært mange universitetstilsette blir arbeidsoppgåvene dei same, sjølv om dei brukar ein time eller to på Torgallmenningen for å markere misnøye med framlegget til ny arbeidsmiljølov. 

– Om du skal trekkast i løn må nokre av arbeidsoppgåvene dine gå vekk. Slik eg les instruksane skal du ikkje trekkast i løn om du gjer heile jobben din, uavhengig av om dette skjer onsdag mellom 14 og 16 eller til andre tider. Og å halde greie på om du skal trekkast eller ikkje kan vere ein tidstjuv utan like, seier Vagstad til På Høyden. 

Powered by Labrador CMS