Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Tilsett rektor og ekstern styreleiar skal vere norma, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
– At dette skal styrke kvaliteten er påfallande svakt grunngjeve, seier Unio-leiar Anders Folkestad.
Kva styringsmodell som skal være rådande for norske lærestader har vore ute på høyring. Svara er no samla.
Blant høyringsinstansane er det lite brei semje å spore. Institusjonane er delte i synet på kva dei meiner vil vere det beste for universitet og høgskular.
Les også: Rektoratet ønsker ingen endring i dagens ledelsesmodell
Legitimitet og makt
Kunnskapsdepartementet har foreslått å la ekstern styreleiar og tilsett rektor verte hovudregelen for styring av universitet og høgskular. Sektoren har vore delt i spørsmålet. Mange har meint at endringa vil gje meir makt til politikarane.
Andre har argumentert med at rektor bør få behalde legitimiteten det gir å ha eit fleirtal av tilsette og studentar i ryggen.
Både Unio og LO har vore mot framlegget.
– Positivt med sjølvråderett
Stortinget skal behandle saka våren 2016. Ministaren opnar for at institusjonar som vil fortsette med valt leiing kan få lov til det.
– Når statsråden vil la institusjonane avgjere styringsmodell sjølve, tyder det på at han enten manglar grunngjeving eller er usikker. Men det er likevel positivt at statsråden legg opp til stor grad av sjølvråderett for institusjonane i dette spørsmålet. Og så får vi sjå kva som blir utfallet etter behandlinga i Stortinget, seier Unio-leiaren i ei pressemelding.
– Eg meiner denne modellen gir ein klarare ansvarsfordeling når det er ulike personar som har rollene som styreleiar og rektor. Eg vil samtidig understreke at dette ikkje er ei underkjenning av det gode arbeidet valt leiing gjer ved fleire institusjonar, og det vil framleis vere opp til det enkelte styre å bestemme kva modell institusjonen skal ha, seier statsråd Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.