Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein student skreiv av Wikipedia, ein annan argumenterte med at han såg på obligatoriske heimeoppgåver som lekser. – Dei som juksar vert rykka ut med rota, seier dekan Asbjørn Strandbakken ved Det juridiske fakultet.
Klagar visste ikkje at arbeidsgruppeoppgåvene ville verta sjekka på same måte som eksamen og obligatoriske kursoppgåver eller heimeeksamenar. Klagar hadde sett på slike innleveringsoppgåver som lekser, og meinte at det var ei samla oppfatting hos mange studentar at samarbeid om slike oppgåver ikkje kunne kallast juksing. Dette står det i ei sak som var oppe i Den sentrale klagenemnd før jul. Studenten sine oppgåver i tre emne likna mistenkjeleg mykje på andre oppgåver. Studenten innrømma å i eitt tilfelle ha brukt ein medstudent sitt svar og i eit anna å ha lånt ein perm frå ein medstudent. I denne permen fast både notat, artiklar og svar på oppgåver. Halve oppgåva frå Wikipedia – Dette er ein garanti for å ta alt, seier dekan Asbjørn Strandbakken. Papir frå klagenemnda viser at det ikkje berre er studenten som meinte arbeidsgruppeoppgåver var lekser som har vorte stengt ute frå Det juridiske fakultet det siste året. Denne studenten vart stengt ute i eitt semester og eksamen i tre emne vart annulert. Ein student hadde levert inn ei oppgåver der 52 prosent av teksten var nesten heilt lik ein tekst ein finn på nettstaden Wikipedia. Den einste skilnaden var at æ,ø og å, som ikkje fanst i originalteksten, er sett inn. Ein annan student leverte inn ei oppgåve der 45 prosent av teksten var lik oppgåva ein medstudent hadde levert. Forklaringa studenten ga, var at han hadde problem med oppgåva og tok kontakt med medstudenten for å få hjelp og inspirasjon. Studenten, som vart utestengt eit semester og fekk eksamen annulert, fekk låna medstudenten si oppgåve – men avtalen var at denne ikkje skulle skrivast av. I 2012 fatta Den sentrale klagenemnda fellande vedtak i 19 saker frå Det juridiske fakultet. 13 av sakene handla om tekstsamanfall. Åtte enda med annullering, fem enda med annullering og utestenging. – Uakseptabelt å stela – Men det er heilt uakseptabelt å stela, og det er på sin plass å reagera. I 2008 vart det avdekka at heile 205 studentar hadde juksa. Ein gjennomgang av innleverte oppgåver viste tekstsamanfall heilt opp til hundre prosent. Sakene fekk ikkje konsekvensar for studentane, for klagenemnda meinte at det var grunn til å tvile på om studentane hadde fått informasjon og rettleiing om kva som var akseptabelt. Men nemnda slo fast at obligatoriske oppgåver skal vurderast på same måte som eksamenar når det kjem til juks. – No er krava kommenterte i klartekst, seier Strandbakken. I 2008 vart 205 jusstudentar tekne i juks. I fjor handsama Den sentrale klagenemnd 19 saker frå fakultetet. Berre ei av sakene vart lagt vekk. Arkivfoto: Birte Svendsen Hjelpemiddel på pulten Fakultetet gjennomfører bokkontroll på alle eksamenar. Reglane er slik: Eksamen byrjar klokka ni. Studentane møter fram mellom kl 8.20 og 8.30. Då legg dei fram det dei skal ha på pulten under eksamen, òg hjelpemiddel. Bokkontrollen, som er stikkprøvebasert, vert gjennomført frå kl 8.30-8.50. I ei av sakene klagenemnda handsama før jul, hadde ein student lagt notat på pulten som bokkontrollen fann. Ein annan hadde lagt ei lærebok der. Begge fekk eksamen annulert og vart stengt ute frå fakultetet i eit semester. – Når ein har levert frå seg det ein ikkje skal ha på pulten under eksamen, er eksamen i gang, seier Strandbakken. – Det har fakultetet meint, og no er klagenemnda samde med oss i det. – Veldig, veldig alvorleg – Dei som juksar vert rykka ut med rota. Det er veldig, veldig alvorleg dersom juristar juksar, det kan få alvorlege konsekvensar. Og kvifor skal ein slutta med juksing i det praktiske liv dersom ein byrjar med det som student? Framsidefoto: Paul Erik Rosenbaum
Klagaren tok feil. Ved Det juridiske fakultet vert alle studentoppgåver kjørt gjennom Ephorus, som er eit tekstgjenkjenningsprogram, og det er nulltoleranse for juks.
– Det er få studentar som oppfører seg slik, seier Strandbakken.
Før jul handsama klagenemnda òg ein annna type saker frå Det juridiske fakultet. Dette er saker der studentar braut reglane om hjelpemiddel til eksamen. Nokre av sakene var oppe til handsaming første gong i fjor vår, og fakultetet og klagenemnda var ikkje samde om jussen. I alt vart det handsama seks hjelpemiddel-saker i klagenemnda i 2012. Her enda ei med vekklegging, fire med annullering og utestenging og ei med utestenging. Ikkje alle vedtaka var endelege.
Strandbakken meiner fakultetet han leiar er eit foregangsfakultet, og har vorte døme for fleire høgskular. Dei andre fakulteta ved UiB brukar ikkje Ephorus i like stor grad som Det juridiske fakultet.