Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I vår vart det avdekka fleire fuskesaker ved Det humanistiske fakultetet. I ei av sakene trur fakultetet at studenten medvite har prøvd å lura seg unna tekstgjenkjenningsprogrammet.
«Funnene, der teksten særlig i oppgave 3 bærer preg av å være manipulert for å unngå tekstgjenkjenning, taler for at dette er en klar og alvorlig plagiatsak». Det heiter det i eit brev som gjekk frå eit av institutta og til Det humanistiske fakultetet i slutten av juni. Mappeoppgåva studenten hadde levert inn viste seg å i hovudsak vera skrive av andre. Det spesielle ved saka var at det ikkje i hovudsak var tekstgjenkjenningsprogrammet Ephorus som fann plagiata. Sette om til engelsk Det seier Svein Sture. Han er universitetslektor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), og er den ved instituttet som har ansvar for å senda alle oppgåver til plagiatkontroll. Sture seier at når ein så les gjennom tekstane, er det ofte ganske enkelt å finna dei delane av teksten som eventuelt skurrar. Rettleiar har ofte lese tekstane før, men dei les for å kunne rettleia – ikkje for å avdekka det som eventuelt er muffens. – Ein ser til dømes at noko av teksten er skrive i ei anna språkdrakt enn resten. Då testar ein gjerne, til dømes via google. Ein testar òg gjerne enkeltsetningar. Dersom saka gjeld mitt fag, som er historie, hender det at eg kjenner att setningar. Fleire gongar har eg funne avskrift ved å sjekka stikkordregisteret i lærebøkene og slå opp på det aktuelle sidetalet, fortel Sture. I den aktuelle saka var om lag 70 prosent av teksten i oppgåva henta frå andre stader. Ephorus fann 25 prosent tekstlikskap. Resten vart funne ved å oversetja tilbake til engelsk ved hjelp av Google translate og dels ved å veksla mellom engelsk og norsk Wikipedia. For oppgåve to og tre vart det meste av teksten funne andre stader – men Ephorus fann ikkje mykje. Fusk og snusk Det same opplevde ein ekstern sensor ved eit anna av fakultetet sine institutt i vår. Sensoren skriv at «jeg har oppdaget at en av kandidatene har brukt mange og lange ordrette sitater fra en artikkel jeg har skrevet, uten å oppgi kilde. I tillegg har NN også to lengre sitater fra den same artikkelen hvor referansen oppgis, riktignok ufullstendig og med mange feil og unøyaktigheter i siteringen. Det er med andre ord jeg som indirekte har skrevet store deler av denne oppgaven». Det er slike saker Heiret vil unngå. Instituttet har innført eit forskingsetisk kurs for alle som tek mastergrad, og gir elles noko innføring i forskingsetikk for bachelorstudentar i samband med oppgåveskriving. – Det meste av den dårlege siteringspraksisen vert avdekka når studentane får rettleiing, seier han. – Er fusk alltid fusk, eller er det av og til dårleg kunnskap som ligg bak? – Då eg fekk oppgåva med avskrift av min eigen tekst, fekk eg spørsmålet: «Er det ikkje slik ein gjer det?». Det er skilnad på fusk og snusk, men det er viktig å jobba med dette både for å avsløra dei som medvite fuskar og å gi så god opplæring at studentane ikkje kan koma og seia at «dette visste eg ikkje». Me kan verken akseptera snusk eller fusk, seier Heiret. Eige masterkurs – Kurset er ikkje obligatorisk, og gir ikkje eigne studiepoeng. Men me ser at nesten alle studentane likevel tek kurset. Dei får eit eige kursbevis saman med vitnemålet, seier Nagel. Ho seier at rettleiar og sensorane skal legga vekt på om studentane viser til forskingsetiske problemstillingar i oppgåvene sine. Nagel seier at auka merksemd kring fusk truleg gjer at fleire vert tekne. – I mange tilfelle tek me studentane på stil og språkføring. Nokre har vore så lite oppfinnsomme at dei skriv av læraren sin tekst, seier ho. Fleire studentar brukar oppslagsverket Wikipedia når dei skriv oppgåver. Men ikkje alle skriv kven som er kjelda til opplysningane. Foto: Skjermdump – Kan ikkje seia at ein ikkje visste – Alle har lært tidleg i skuleløpet at ein ikkje skal skriva av. Det ikkje godt nok å koma på universitetet og seia at ein ikkje visste dette, seier professoren. Ho er oppteken av at studentane ikkje lærer noko dersom dei vel å kopiera andre sitt arbeid. – Dei skal læra å jobba sjølvstendig og å bruka sitt eige språk. Det er utdanninga deira det er snakk om her – det er dumt å fuska med henne, seier Nagel. Som Heiret ønskjer ho at det skal verta vanskelegare å seia at «eg visste ikkje». Samstundes er ho oppteken av at god siteringsteknikk og god tilvisingsskikk er noko studentane må få trening i frå starten på universitetet. – Ein ting er når ein har direkte sitat – det er enkelt: Set hermeteikn og gi tilvising. Noko anna er når ein i indirekte form gjengir innhaldet i noko andre har skrive i. Men det går an å læra seg det òg, trening gjer meister, seier Nagel. Ho seier at avskrift er avskrift – og det er plagiat. – Det kan få alvorlege konsekvensar, til dømes at ein ikkje får eksamen, eller vert utestengt frå universitetet i ein periode. Det er ikkje fullt så alvorleg om ein slurvar med tilvisingssystemet. Då er det gjerne ikkje bevisst fusk, men heller sjusk. Sjusk er dårleg handverk og resulterer normalt ikkje i dei strengaste sanksjonane. Men det kan resultera i at ein får dårlegare karakter enn ein elles ville fått. Får info frå første semester – Samstundes er det litt avgrensa kor uvitande ein kan påstå at ein er når ein er på bachelornivå, seier han. Så langt i år har fakultetet hatt fire fuskesaker. Fakultetet har fått medhald i ei av dei, dei andre er no til behandling i klagenemnda. I fjor sendte HF sju fuskesaker vidare, året før fem. Fakultetet fekk medhald i alle desse sakene. Huitfeldt seier at fakultetet sitt studiestyre har vedteke at alle skriftlege oppgåver på bachelornivå skal gjennom Ephorus. Dette er i ferd med å verta gjennomført ved alle institutta. – Allereie gjennom førstesemesterstudiet gjer me studentane merksame på at plagiat ikkje skal skje. Mange av oppgåvene som vert levert inn er rettleia. Det er som oftast ikkje vanskeleg å sjå kva som er sjølvstendig arbeid og ikkje, seier Huitfeldt. I ei av fuskesakene frå i vår, som no er til behandling, var det nettopp det som hende. Oppgåva var svært velskriven og skilde seg ut frå dei andre studentane sine svar. Studenten hadde heller ikkje nytta tilråingane rettleiar hadde når det galdt litteratur. Oppgåva vart først kjørt gjennom Ephorus, som fann ein tekstlikskap på 47 prosent. Men eksamenskommisjon fann fleire likskapar, mellom anna at konklusjonen var rein avskrift. – Når studentane veit at alle oppgåver kan verta kjørt gjennom eit slikt program, er det då fare for at dei finn måtar å unngå programmet på? – Det er ei interessant problemstilling, og eg har spekulert litt på det. Når ein får nye tekniske løysingar vil ein alltid ta omsyn til dei. Det er mogleg at nokon då tenkjer at dei berre kan fiksa litt på teksten – altså ikkje skriva direkte av, seier Huitfeldt, og understrekar at det er hans personlege synspunkt. Visedekanen seier at når det har gått noko meir tid, er tanken at institutta skal ha eit møte for å dela røynsler med plagiat og fusk. – Dette er ei sak det nye dekanatet kjem til å jobba med. Men me har ingen grunn til å tru at situasjonen er verken betre eller verre enn me hadde forventa. Sjå den artige videoen Universitetsbiblioteket lagde om plagiat i 2010!
– Hos oss sender ein alle oppgåver som vert skrive på bachelornivå gjennom Ephorus. Dersom programmet finn noko, les ein gjennom teksten.
– Eg har opplevd at studentar har kome til rettleiing hos meg med ein tekst der dei har skrive av ting eg sjølv har skrive, seier Jan Heiret, instituttleiar ved AHKR.
Professor Anne-Hilde Nagel leiar det forskingsetiske utvalet ved AHKR. Mandatet utvalet fekk i 2008 var å arbeida for å fremja god forskingsskikk og motverka dårleg. Noko av det første som vart gjort var å få på plass ei kvalitetssikring av eksamen og å tilby eit kurs i forskingsetikk for alle masterstudentar.
– Det er lett å ikkje plagiera, slår Nagel fast.
Claus Huitfeldt, visedekan for utdanning ved HF, seier at meininga er at ein i utgangspunktet skal sjå på moglege fuskesaker med litt godvilje.