Studentane er mykje betre enn sitt rykte

Publisert

LESARINNLEGG: Dagens studentar er flinkare og meir effektive enn det studentane var for berre ti år sidan, skriv Jan Oldervoll, visedekan ved Det humanistiske fakultet, i dette innlegget.

«Nesten 3000 av UiBs studenter avlegger ikke et eneste studiepoeng i løpet av året. Studenter ved Det humanistiske fakultet er verst» heiter det i eit oppslag i STUDVEST for 23.01. Dette høyrest ikkje bra ut, men viss ein går til DBH (Database for statistikk om høgare utdanning), vil ein likevel finne at dagens studentar  er flinkare og  meir effektive enn det studentane var for berre 10 år sidan. Dette gjeld også HF-studentane.

Universitets- og høgskulestudentane tar fleire studiepoeng enn nokon gong. I DBH er det ein lett tilgjengeleg oversikt som viser studiepoeng per student. For å sjå dette i litt større samanheng tar eg med data for heile UH-sektoren. Frå 2002 til 2011 har det skjedd følgjande endringar:

Studiepoeng per student (registrerte heiltidsekvivalentar):

2002

2011

Universitet

36,2

46,1

Statlege høgskular

49,4

49,2

Statlege vitskaplege høgskular

45,0

50,2

Private vitskaplege høgskular

41,1

44,7

Private høgskular

59,0

55,0

Kunsthøgskular

73,9

56,1

Totalt universitet og høgskualr

43,5

47,7

Samla er det ein auke på nesten 10 prosent. Ved universiteta er auken over 25 prosent medan det er om lag uendra ved dei statlege høgskulane. Ein stor del av auken ved universiteta kan sannsynlegvis tilskrivast kvalitetsreforma. I tillegg kjem at det er større innslag av profesjons-utdanningar og masterstudentar ved universiteta i 2011 enn i 2002.

UiB ligg litt under snittet for universiteta med 44,8 studiepoeng per student i 2011, men har likevel ein auke på om lag 22 prosent. Av fakulteta ved UiB har HF ein auke på nesten 30 prosent frå 2002 til 2011.

Masterstudentane er også mykje flinkare til å gjennomføra enn før. Talet på masterkandidatar ved UiB auka med 27 prosent frå 2002 trass i at studenttalet gjekk ned med om lag 30 prosent.

Fråfallet av studentar har alltid vore relativt stort ved universiteta, særleg i eller etter første semester. Ein stor del av desse har sannsynlegvis funne ut at universitetstudia ikkje passar for dei og sluttar utan å gå opp til eksamen.

Visst er det uheldig at mange studentar sluttar i eller etter første semester, men når det gjeld dei tala STUDVEST opererer med, så er det eitt som er sikkert: at dei viser eit feilaktig bilete.

Det er nemnt ein del feilkjelder i materialet, som utanlandsopphald og arbeid med master-oppgåva som normalt skal ta eitt år. Betydninga av feilkjeldene bør talfestast. Studentar som reiser ut på utveksling tar sin eksamen i utlandet, og denne eksamenen blir ikkje registrert her. Talet på utvekslingsstudentar ved UiB har også auka sterkt, frå 236 utreisande studentar i 2002 til 598 i 2011.

Eg har sett på data om nokre kull ved HF og fylgt de ifrå dei byrjar til dei avlegg sin siste eksamen. Dataene tyder på at prosenten av studentar som i eit gitt semester ikkje tek nokon eksamen hos oss eller andre stader er ganske låg og langt under 10 prosent.

Dei offisielle dataene frå DBH, som er kvalitetssikra før rapportering, tyder på at dei studentane vi har i dag er dei flinkaste og mest arbeidsame vi har hatt. Det er viktig å få fram dette heller enn å spreie eit dårleg rykte slik STUDVEST gjer.

 

Powered by Labrador CMS