Studentane må betale for bygge-skandalen

Dei 727 studentbustadane på Grønneviksøren skulle koste 600 000 kroner per eining. To år på etterskudd står dei klare, til ein pris av 900 000 kroner. Rekninga går til SiB.

Dei 727 hyblane og leilightene i Grønneviksøren er alle utleigd.  Neste veke kan studentane flytte inn, to år etter planen. (Foto: Dag Hellesund) 

Det er ikkje riktig at det er SiB og studentane i Bergen som skal sitte igjen med rekninga når eit av Norges største konsulentselskap ikkje gjorde jobben sin, seier Per Kristian Knutsen, direktør for Studentsamskipnaden i Bergen (SiB).

Neste veke kan dei første studentane flytte inn i studentbyen, to år etter planen. I dag blei det kjent at studentbyen i Grønneviksøren kostar 650 millionar kroner, 200 millionar meir enn budsjettert.

Tida fram mot ferdigstilling har vore lang. Den første forseinkinga kom då morselskapet til totalentreprenøren Faktor Industrier gjekk konkurs i september 2011. Deretter vart det avdekka ein kritisk konstruksjonsfeil. Svalgangane i bygget var svært underdimensjonerte. Blåste det liten kuling, måtte arbeidet innstillast, og alle bygningsarbeidarar forlate huset.

– Dyrt å sikre eit bygg som nesten er klart
Konstruksjonsfeilen i prosjektet Grønneviksøren blei oppdaga då arbeidet med å bygge studentbyen nesten var ferdig. Å rette denne konstruksjonsfeilen medførte store kostnader.

– Kunne problema ha vore løyst rimelegare?

– Ein del ting måte rivast, og forsterkingar måtte inn i delar av bygget. Ein måtte mellom anna skyte pelar inn i grunnen. Det seier seg sjølv at når bygget er nesten ferdig, er det dyrt å gjere endringar.

– SiB er kompetent
– Har SiB nok kompetanse til å stå for så store byggeprosjekt?

– Ja. Vi har en liten organisasjon, men den er kompetent. Når vi skal arbeide med større prosjekt, tek vi inn konsulentselskap for å assistere oss. Vi kan ikkje til ein kvar tid ha ein stor stab av spesialistar, ettersom oppgåvene våre varierer. Vi bringer heller inn den kompetansen vi treng.

Hans Martin Moxnes i bransjeforeningen for bygg- og anleggsentreprenører i Hordaland og Sogn og Fjordane har i BT kritisert SiB for å velje Faktor, ein entrepenør utan erfaring, som kun vart valt grunna omsyn til pris.

Saksøker underleverandør
Studentsamskipnaden i Bergen har gått til sak mot ein av underleverandørane til Grønneviksøren-prosjektet, Multiconsult.

– Har de ei god sak?

– Dette er veldig komplekst. Men kjernen i saksforholdet er at Multiconsult, eit av desse to selskapa vi har saksøkt, har ansvarsrett innan global stabilitet. Dei har skrive under på at stabiliteten var i orden, og det viste seg ikkje å vere riktig, seier Per Kristian Knutsen til På Høyden.

– SiB har blitt kritisert for å vere einsidig oppteken av pris då Factor vart valt som totalleverandør. Burde de valt ein annan?

– Vi må bygge under ei viss kostnadsramme for å få statstøtte. Vi henta inn anbod, men ingen av dei vi fekk var under det kostnadsnivået vi hadde sett som øvre grense. Deretter gjekk vi i dialog med tilbydarane, og diskuterte moglege endringar som kunne føre til at vi kom under kostnadsramma vår. Her sto vi igjen med Factor som entreprenør. Det var eit nytt selskap, men Multiconsult, eit av Norges største og mest kjende konsulentselskap, låg bak og ga kredibilitet til selskapet. I etterpåklokskapens klare lys er det lett å seie at vi kunne valt eit anna selskap, seier Per Kristian Knutsen.

 

Powered by Labrador CMS