Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I følgje rapporten ”Baklengs inn i fremtiden?” står det gjennomført dårleg til med ressurstilgangen innanfor norsk matematisk-naturvitskapleg forsking. Bør vi snart ta konsekvensen og heller satse på andre ting?
– Det er klart at det er ein mogleg politisk konsekvens. Men eg er overtydd om at den dårlege ressurstilgangen for realfaga ikkje er utslag av ein medviten politikk. Det er snarare eit utslag av at vi ikkje har nokon heilskapleg forskingspolitikk, seier dekanus Dag L. Aksnes ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Han har, saman med resten av Det nasjonale fakultetsmøtet for realfag, teke initiativ til rapporten som vart lagt fram måndag 17. januar. Rapporten byggjer på data frå 1995 til 2001, og slår mellom anna fast at den kanskje viktigaste mekanismen som leier ressursar vekk frå realfaga, er det faktum at forskingsinnsatsen i Noreg primært blir styrt av utdanningspolitikken. Dei faga ungdom vel å studere, får dei friske forskingskronene. Resultatet er at matematisk-naturvitskaplege fag har den gjennomgåande svakaste utviklinga både når det gjeld driftsutgifter, utgifter til vitskapleg utstyr, og doktorgradsproduksjon. Det er UiB som har den største delen matematisk-naturvitskapleg forsking: 36 prosent av driftsmidlane gjekk til dette fagområdet i 2001, mot 23 prosent ved UiO. Likevel er det ved UiO at det blir utført mest forsking på området. Forsking innan teknologi er konsentrert på NTNU. Totalt utgjorde driftsutgiftene til matematisk-naturvitskaplege fag 21 prosent av driftsutgiftene til FoU i universitets- og høgskulesektoren i 2001. Realveksten for fagområdet i heile sektoren i perioden 1995-2001 er lik null. – Men det blir ikkje lett, for dette må skje på eit høgt politisk plan. Det vil vere naivt å tru at forskingsprofilen vår vil endre seg som følgje av at ungdomen vel ein annan type utdanning. Sjølv om ein skulle klare å betre den dårlege posisjonen realfaga har i skulen, vil det ta ti år før det blir reflektert i forskingsressursar. No er alle friske pengar knytt til utdanning. Vi treng ein forskingspolitikk som verkar uavhengig av utdanning. Ein må ville noko med universiteta, utover å vere utdanningsinstitusjonar, seier han. Rapporten peikar på at matematisk-naturvitskaplege fag tapar terreng hjå studentmassen, og at viss utviklinga held fram, vil mindre enn ti prosent av studentmassen vere innanfor desse faga om ti år. Det er naturleg å sjå på dette som eit resultat av svekkinga av naturfag i skulen, meiner forfattarane.
Tapar på alle frontar
Medan det har vore ein auke på åtte prosent for årsverk innan forsking og utvikling i universitets- og høgskulesektoren totalt, har det for dei matematisk-naturvitskaplege faga vore ein nedgang på 14 prosent. Dei naturvitskaplege miljøa har så langt svara på rammevilkåra ved å effektivisere drifta, kanskje på bekosting av kvaliteten.
– Personleg trur eg det er ei dårleg løysing å overlate dette til tilfeldige mekanismar og seie at no får det gå som det går. Vi bør heller streve mot å bli meir lik andre vestlege land, og satse meir på naturvitskap og teknologi, seier Aksnes.
UiB bruker mest
Paradokset er at det er stor politisk semje om at det er viktig å satse på grunnleggjande naturvitskapleg forsking. Dei nasjonalt uttala forskingssatsingane ligg stort sett innanfor dette området. Likevel opplever fagområdet i følgje rapporten ei underinvestering, og forskingsmidlane er dessutan ofte detaljstyrt ut frå ein kortsiktig nytteverdi.
– Nettopp fordi retorikken er så sterk, trur eg mange vil bli overraska når dei ser korleis situasjonen faktisk er. Eg vart overraska sjølv, vedgår Aksnes, som ventar at problematikken no blir teken på alvor.
Må ville noko med universiteta
Naturvitskap opnar dører til kulturen
– Det er ingen tvil om at matematisk-naturvitskaplege fag har tapt i skulen, og det er eg svært betenkt over, seier professor i matematikk ved UiB, Audun Holme.
Han har nyleg gjeve ut to bøker om matematikkens historie, og tek i desse dagar over som redaktør av Nordisk matematisk tidsskrift.
– Naturvitskapen er viktig ikkje berre som innfallsport til studiar og til teknologiforståing, men også som døropnar for kulturen. Matematikken og naturvitskapen har heilt klart mislukkast i å framstå som kulturfag – om ein i det heile har prøvd. Haldninga hos våre eigne kollegaer er dessverre ofte skuffande: Dei fleste er ikkje oppdregne til å sjå dei humanistiske aspekta i naturvitskapen, trur han.
– Samstundes er det ting på gang: Det kjem fleire populære bøker både på engelsk og norsk som dreg inn desse aspekta. Men det står att å sjå om dette er ein trend som vil få noko å seie. Utfordringa er å ikkje skremme folk med formlar, men formidle at matematikk også er åndsvitskap, seier Holme.