Verken familie eller UiB har fått tak i studenten som er på utveksling i Frankrike. No er han meldt sakna.

UiB-student sakna i Frankrike

Publisert

Ein mannleg UiB-student er meldt sakna i Frankrike. 

Den norske UiB-studenten er på utveksling i Frankrike - og blei meldt sakna førre veke. Det var Studvest som meldte om saka først. 

– Det er ein av våre studentar på utveksling som er meldt sakna. Vedkommande er meldt sakna av familien som ikkje har høyrd noko frå vedkommande på ei god stund. Me har også prøvd å koma i kontakt med han, det same har studiestaden i Frankrike - men utan å oppnå kontakt, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen til På Høyden. 

UiB har sett i verk deira beredskapsplan for studentar i utlandet.

– Politiet følgjer opp og me bistår myndigheitene våre med det som er ønskeleg og nødvendig -  og samstundes også familien om dei måtte ønska det. På vanleg måte har me beredskap som utløysast i slike samanhenger. Det blir sett stab. Me har ein del prosedyrar me følger for å vareta arbeidet forløpande. 

Utanriksdepartementet har førebels få opplysingar om saka.  

- Utanriksdepartementet er kjent med at ein norsk borgar skal vera sakna i Frankrike. Dette er primært ei politisak, sier kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg i Utanriksdepartementet til Studvest. 

 

 

Powered by Labrador CMS